Samtale I Katedralen

Samtale i Katedralen, original tittel Conversación en La Catedral, (1969) er den tredje romanen av den peruanske forfattaren og nobelprisvinnaren i litteratur, Mario Vargas Llosa, og anerkjent som eit av dei store verka hans.

Samtale I Katedralen
Når hovudpersonen ser den fargelause Avenida Tacna i sentrum av Lima, spør han «På kva tidspunkt gjekk Peru til helvete?»(«¿En qué momento se había jodido el Perú?»)
Samtale I Katedralen
Santiago Zavala, hovudpersonen, byrjar å studere ved San Marcos mot ønskje til familien. Biletet viser det kulturelle senteret ved San Marcos-universitetet, der Santiago studerer

Hendingane i romanen går føre seg i Peru i tida under diktaturet til general Manuel A. Odría, og handlar om livet til karakterar frå ulike sosiale lag. Den ambisiøse forteljinga er bygd rundt historiene til Santiago Zavala og Ambrosio høvesvis. Førstnemnte er son av ein minister, den andre er sjåføren hans. Eit tilfeldig møte på ein heim for eigarlause hundar, fører til ein opprivande samtale som held fram på ein nærliggjande bar kjent som «Katedralen». Gjennom møtet søkjer Zavala etter sanninga om faren si rolle i mordet på ein vidkjent peruansk figur frå underverda, og undervegs kastar romanen ljos på kva som hender i eit diktatur.

Hovudpersonen, Santiago Zavala, er ein student ved San Marcos-universitetet i Lima, og er medlem av aktivistgruppa Cahuide ved universitetet som var i opposisjon til diktaturet. Santiago er basert på Vargas Llosa sine eigne livserfaringar frå dei første åra ved San Marcos der han òg var medlem av Cahuide. I romanen syner hovudpersonen Santiago Zavala eit pessimistisk syn på det peruanske samfunnet på 1950-talet, samstundes som han famnar om det å vere middelmåtig. Meir generelt er romanen ei undersøking av dei djupe røtene til korrupsjon og svikt i peruansk politikk, og i regjeringa på 1950-talet.


Kjelder

    Fotnotar

Tags:

ForfattarMario Vargas LlosaNobelprisvinnarRoman

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HuaoraniarMilanoSvartehavetIslandSionistMånenMont Saint-MichelLeikanger kommuneROBEKSoparAliártosSkhimatáriEininga barHomofiliSaruq i OmanCotangens2020LundefuglGlukoseMaliTønsberg kommuneListe over norske nyordRundiVerdas landKyle WalkerSauSigmaUtviklinga av traktorenKristopher SchauNautisk milÅmot i ModumDet ukrainske alfabetetixjohJonsereds Fabrikers ABCarles PuigdemontNoahBeltaneEspen Barth EideUsbekistanDinosaurarNynorskSang til BergenDen etiopiske kalenderenPadleneJessica DigginsAl-Bustan i OmanÅsgardJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageKvartsAstrid LindgrenMaiken Caspersen FallaDomokósRosenborg slottBørselvEmma EllingsenAustraliaJebel Akhdar i OmanJim MorrisonSpice GirlsFthiótidaMoskva oblastSkeiselandskampen Noreg–Sverige 1974RekonvalesensIndiaElektronikkIrakDigital object identifierOrStøvsugarMegawattLongyearbyenGramEnzymKatt🡆 More