Rossbybølgje

Rossbybølgjer (eller planetære bølgjer) er storskala rørsler i havet eller atmosfæren som blir skapt av endringar av corioliskrafta med breiddegraden.

Bølgjene blei først oppdaga i atmosfæren i 1939 av Carl-Gustaf Arvid Rossby som seinare forklarte rørsla deira.

Planetære bølgjer

Rossbybølgjer har ein fasefart (farten til bølgjetoppane) som alltid går vestover. Gruppefarten (assosiert med energifluksen) til bølgja kan derimot ha ein annan retning. I hovudsak har kortare bølgjer ein gruppefart i austleg retning, medan lange bølgjer har ein gruppefart mot vest.

Ein snakkar om «barotrope» og «barokline» rossbybølgjer for å skilje mellom den vertikale strukturen deira. Barotrope rossbybølgjer varierer ikkje vertikalt og har den høgaste forplantingsfarten. Dei barokline bølgjene er seinare med ein fart på berre eit par centimeter i sekundet eller mindre.

Atmosfæriske bølgjer

Rossbybølgjer i atmosfæren kan ein lett observere som storskala svingingar i jetstraumen. Når desse svingingane blir ekstra store kan dei skilje frå kvarandre kalde og varme luftmassar og danne lågtrykk og høgtrykk.

Fasefarten er gitt ved:

    Rossbybølgje 

Der c er bølgjefarten, u er den midla vestlege vinden, Rossbybølgje  er rossbyparameteren, og k er det totale bølgjetalet.

Havbølgjer

Både barotrope og barokline rossbybølgjer i havet skapar variasjonar i høgda på havoverflata, men bølgjelengda til bølgjene har vore svært vanskeleg å måle før ein fekk satellittar som kunne måle denne høgda. Barokline bølgjer fører til store endringar i termoklinen i havet, ofte fleire titals meter. Satellittobservasjonar har vist at Rossbybølgjer, særleg på lågare og midlare breiddegrader, kan bruke månadar og til og med år på å krysse store hav som Stillehavet.

Referansar

  • Rossby, C-G (1939), Relation between variations in the intensity of the zonal circulation of the atmosphere and the displacements of the semi-permanent centers of action, J. Marine Research pp38-55
  • Platzman, G (1968) The Rossby wave, Quart. J. Roy. Meteorol. Soc. pp94-248
  • Dickinson, R E (1978) Rossby waves - long-period oscillations of oceans and atmospheres, Ann. Rev. Fluid Mech. pp10-195

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Tags:

Rossbybølgje Planetære bølgjerRossbybølgje Atmosfæriske bølgjerRossbybølgje HavbølgjerRossbybølgje ReferansarRossbybølgje Sjå ògRossbybølgje BakgrunnsstoffRossbybølgjeCarl-Gustaf Arvid RossbyCorioliskraftaJordatmosfæren

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

No-dramaAndreas WidhölzlOperahuset i OsloTerje StrømdahlAllahu akbarOddvar BråBuddhisttempelNicolette LarsonKvigeAksel SandemoseFylkesveg 751Franz LisztSosialdarwinismeÆrfuglChampions LeagueKirgisistanFile Transfer ProtocolBunadOrNederlandCand.scient.JapanElektrostatisk generatorJa, vi elsker dette landetLarge Binocular TelescopeC++OrbitalSerious Hits… Live!Maud av NoregKapellLivstykkeHalsnøyAleksandr RagulinPalingeneseZirósBieEngland og WalesAusterrikeHindutempelTor Erling StaffFascismePannemerke i hinduismenAntropomorfismeMogopSkjorteSiderJesusMrs. RobinsonBergenTenaza PeakMarikkenSentral-TzoumérkaListe over primtalKommunismeVinMatematikarLise AmundsenTromsø kommuneAbugidaAtommodellCaramelloMikal KirkholtMuhammadu BuhariBritiske monarkarJeanne d'ArcRovfuglarAdei AdAjá i LárisaPortugisiskNikólaos Skoufás i ÁrtaArne Kjell LarsenGrønlandEtnisk nasjonalismeSekretær som møbel🡆 More