Rjukan Idrettslag er eit idrettslag heiemhøyrande på Rjukan i Tinn kommune i Telemark.
Idrettslaget vart stifta 8. februar 1911 og er aktivt i ei rad idrettar. Rjukan IL driv med alpin skiidrett, badminton, fotball, friidrett, handball, innebandy, ju jitsu, langrenn, skating, squash, symjing, tennis, vektløfting, volleyball. I tillegg driv idrettslaget med helsesport og idrettsskule.
Lagsfargane til Rjukan IL er blått og kvitt.
Rjukan Idrettslag arrangerte noregsmeisterskapen i alpine greiner i 1946 og 1961. I 1947 stod laget som arrangør av Skeise-NM for kvinner.
Skirennarane Einar Landvik og Otto Aasen høyrde til eliten i nordisk kombinert og skihopping i mellomkrigstida 1918-40. Etter 2. verdskrigen er Merete Fjeldavlie Rjukan IL sin best kjende utøvar, med ein verdscup-siger i alpin skiidrett og NM-gull. Også eldre ski-alpinistar som Karen-Sofie Styrmoe og Jon Terje Øverland vann NM-medaljar. Vektføftaren Atle Rønning sanka 15 NM-titlar i perioden 1982-2004.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rjukan Idrettslag, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.