Rafer Lewis Johnson (18.
august">18. august 1934–2. desember 2020) var ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar, fødd i Hillsboro i delstaten Texas. Han vart olympisk meister i tikamp i 1960, fire år etter han tok sølvmedaljen i den tilsvarande tevlinga under Sommar-OL 1956.
Rafer Johnson | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 18. august 1934 Hillsboro |
Død | 2. desember 2020 (86 år) |
Idrett | friidrett, korgball |
Tok del i | athletics at the 1960 Summer Olympics – men's decathlon, Friidrett under Sommar-OL 1956 |
Utmerkingar | California Hall of Fame, Theodore Roosevelt Award, California Hall of Fame, Associated Press Athlete of the Year |
Johnson deltok fyrste gongen i ei tikamp-tevling i 1954.Ii mars 1955 vann han tikampen ved dei panamerikanske leikane i Mexico-byen, framom landsmannen Bob Richards. Tre månader seinare, i sin fjerde tikamp, sette Johnson ny verdsrekord då han i Kingsburg i California sanka 7 985 poeng, 96 fleire enn Bob Mathias hadde makta. Verdsrekorden hans stod i nær tre år. Sommaren 1956 vann Johnson USA-meisterskapen i Crawfordsville med 199 poeng til gode på Milt Campbell. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne sist i november var Johnson hemja av ein kneskade. Likevel sikra han seg sølvmedaljen i tikampen, slått med 350 poeng av landsmannen Campbell.
Kneskaden gjorde at Johnson stod over 1957-sesongen. Den 28. juli 1958 tok han tilbake verdsrekorden under landskampen Sovjetunionen – USA i Moskva, der han med 8 302 poeng forbetra verdsrekorden med nærare 300 poeng. Samstundes som han sletta den ferske, 6 veker gamle rekorden til Vasilij D. Kuznetsov, vann han klart mot same Kuznetsov. I mai 1959 tok likevel Kuznetsov tilbake rekorden då han oppnådde 8 357 poeng under eit stemne i Moskva. Johnson var ikkje aktiv i 1959, etter som han vart skadd i ryggen i ei bilulykke.
I sin siste sesong, OL-sesongen 1960, tok Johnson tilbake verdsrekorden i tikamp. I AAU-meisterskapen i Eugene i delstaten Oregon den 8. og 9. juli 1960 presterte han å plukke heile 8 683 poeng (7 982 etter dagens tabell). Høgdepunktet kom likevel to månader seinare, den 5./6. september i Roma. Etter ei jamn olympisk tevling mot treningskollegaen, Yang Chuan-Kwang frå Taiwan, vann Johnson den olympiske gullmedaljen med ein margin på 58 poeng. Den same Yang sletta Johnson sin verdsrekord våren 1963.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rafer Johnson, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.