Prosentavtalen er namnet på ein uformell del av avtalene om deling av innverknad i ulike delar av Europa mellom dei tre allierte stormaktene i anti-Hitler-alliansen under den andre verdskrigen.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Prosentavtalen var utforma av den britiske statsministeren Winston Churchill under eit møte med den sovjetiske diktatoren Josef Stalin i 1944, og angav ein viss prosent britisk-amerikansk og sovjetisk innverknad i ein del europeiske land.
Prosentavtalen kom i tillegg til dei formelle avtalene mellom «dei tre store» om delinga av Tyskland og kva som skulle skje med Austerrike. Tyskland blei delt i fire okkupasjonssoner (Frankrike fekk ein au), og Berlin likeins. Dette blei gjennomført sjølv om den tyske hovudstaden låg midt inne i den sovjetiske okkupasjonssona, og heile byen blei erobra av sovjetiske styrkar i april-mai 1945. Austerrike skulle bli eige land igjen, og nøytralt. Dette blei gjennomført da den sovjetiske okkupasjonen blei avslutta i 1955.
Det ser i det heile ut som dei sovjetiske leiarane heldt seg strengt til både dei formelle og uformelle avtalene om deling av innverknad i Europa etter krigen. Såleis fekk ikkje dei greske kommunistane noka støtte frå Stalin under den greske borgarkrigen 1944-1949, sjølv om dei greske monarkistane mottok massiv militær og økonomisk støtte frå Storbritannia og USA.
Store delar av Sovjetunionen låg i ruinar, og landet hadde mista opptil 27 millionar menneske under krigen. USA hadde hatt små tap i samanlikning (om lag ein halv million), den amerikanske industriproduksjonen var tredobla i løpet av krigsåra, og USA hadde atombomba. Den bereknande diktatoren Josef Stalin konsentrerte seg på bakgrunn av dette om å konsolidere den sovjetiske makta i det han meinte var avtalt sovjetisk maktsfære. Det er ikkje noko som tyder på at det var planar om sovjetisk åtak på Vest-Europa.
Men i Aust-Europa blei den stalinistiske undertrykkinga stadig sterkare i åra fram til Stalin døydde i 1953. Særleg inntrykk gjorde det på mange i til dømes Noreg da stalinistane i Tsjekkoslovakia tok makta ved eit kupp i 1948, rett nok utan direkte sovjetisk militær innblanding. Dette fordi Tsjekkoslovakia var det einaste landet i Aust-Europa som hadde vore demokratisk før den andre verdskrigen.
Dei sovjetiske styrkane som frigjorde Aust-Finnmark frå nazistane hausten 1944, trekte seg ut frå norsk territorium våren 1945 i samsvar med inngåtte avtalar.
Den delinga av Europa som låg i dei ymse avtalene om okkupasjonssoner og maktsfærer blei forsterka og permanent under den kalde krigen. Danninga av NATO (1949) og Warszawapakta (1955) kan også sjåast i den samanhengen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Prosentavtalen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.