Per Lasson Krohg (18.
juni">18. juni 1889–3. mars 1965) var ein norsk biletkunstnar. Han var son til kunstnarane Oda og Christian Krohg, og var sjølv far til kunstnarane Guy Krohg og Morten Krohg.
Per Krohg | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 18. juni 1889 Åsgårdstrand |
Død | |
Yrke | illustratør, kunstmålar, teiknar |
Språk | norsk |
Far | Christian Krohg |
Mor | Oda Krohg |
Ektefelle | Lucy Krohg |
Per Krohg på Commons |
Per Krohg var fødd i Åsgårdstrand, men familien budde under oppveksten hans i Paris. Han viste store kunstnarlege talent tidleg, og han var elev fyrst hjå far sin frå 1903 til 1907, og frå 1909 til 1910 hjå Henri Matisse. Han vart påverka av kunststraumingane i Paris, og særleg kubismen vart viktig for utviklinga av uttrykksforma hans.
Krohg har utsmykka mange offentlege bygg med store freskomåleri, mellom anna Tryggingrådet sin sal i SN-bygget i New York, vestibylen i Fysikkbygningen ved Universitetet i Oslo og Oslo rådhus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Per Krohg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.