Palmer Land (71°30′S 065°00′W / 71.500°S 65.000°W / -71.500; -65.000) er den delen av Den antarktiske halvøya som ligg sør for linja mellom Cape Jeremy og Cape Agassiz.
Denne definisjonen av Palmer Land vart avtalt i 1964 mellom US-ACAN og UK-APC, der namnet på Den antarktiske halvøya samstundes vart godkjend. Graham Land er den nordelege delen av halvøya og Palmer Land den sørlege.
Heilt i sør strekkjer Den antarktiske halvøya seg vestover og Palmer Land grensar til Ellsworth Land langs 80° W. I sør grensar Palmer land til den isdekte Carlson Inlet, ein arm av Filchner isbrem, som kryssar 80° W-linja. Dette er basen til Cetus Hill
Landområdet er kalla opp etter kaptein Nathaniel B. Palmer, ein amerikansk selfagar som utforska Den antarktiske halvøya sør for Deception Island i «Hero» i november 1820.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Palmer Land, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.