Palekh-Miniatyr

Palekh-miniatyr (russisk Палехская миниатюра) er eit russisk kunsthandverk og miniatyrmåleri der temperamåling vert påført lakka handverk av pappmasjé, mellom anna små øskjer og boksar, sigarett- og pudderdåsar.

Palekh-Miniatyr
Miniatyr frå 1940.

Palekh-miniatyrar på pappmasjé er kjent frå 1923 i landsbyen Palekh, ein stad som ligg i Ivanovo oblast. Handverket er basert på lange, lokale tradisjonar med måling av ikonar.

Teknikken med å lage halvferdige produkt vart lånt frå handverksmeistrar i lakkmåling i Fedoskino. Palekh-miniatyrar syner vanlegvis trekk frå dagleglivet, litteraturen, eventyr og songar. Dei er måla med lokal, lys måling mot ein svart bakgrunn og er kjend for sin delikate, glatte design, rikeleg gyllen skuggelegging og nøyaktige silhuettar med flate figurar. Ofte dekker dei fullstendig overflata av loket og sidene på gjenstanden. Den poetiske og dekorative forma på landskap, arkitektur og langstrekte teikn (bokstavar og tal), går tilbake til tradisjonane med ikonmåling.

Kunsten å måle miniatyrar vert halde ved like også i dag. No til dags finst det verkstader knytt til Kunstnarfondet i Russland, små private studio og kunstnarar i Palekh som driv sjølvstendig. Kunstnarane vert øvd opp i måling av palekh-miniatyrar ved Palekh kunsthøgskule, skipa i 1935.

Arbeid etter palekhmeistrar vert oppbevart i mange museum i Russland og utanlands. Det statlege Palekh Kunstmuseum i Palekh har over to tusen verk i samlinga si.

Døme

Palekh på sovjetiske frimerke

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Tags:

Palekh-Miniatyr DømePalekh-Miniatyr Palekh på sovjetiske frimerkePalekh-Miniatyr BakgrunnsstoffPalekh-Miniatyr KjelderPalekh-MiniatyrKunsthandverkMiniatyrmåleriPappmasjéRusslandTempera

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Liv Grete SkjelbreidAbsoluttverdiCoca-ColaPatrick RoestTrude DrevlandOmanKarl III Johan av NoregHollandIltalehtiKristoffer ColumbusPumoriBiologisk familieParaguayElvdalskValderøyaSan Jose i CaliforniaAbAntoinette de JongOlav V av NoregBolstadøyriOpplettDen norsk-russiske grensaTexas1318Anne HoltQ.E.D.StareEselTerroråtaka 11. september 2001Henrik II av FrankrikeAstatKnut HamsunHenånDeventerNitrogenKasusOsterøy kommuneManchester CityNord-KyprosNobelprisen i litteraturFri rettshjelpFreddie MercuryBrennverdiDen kinesiske kalenderenSnømyrkreTønsberg kommuneTitreringKleopatraKristian ØdegårdPåskeeggEplemostFilmen Harry Potter og fangen fra AzkabanAre KalvøGeorg Friedrich HändelWiktionaryLille Petter EdderkoppAlberte-trilogienKinesisk nyttårSpaniaMikhail GorbatsjovKlipperStrilelandetVestfold fylkeEl GrecoGripLa forza del destinoHotel CaliforniaPeter HolmDen apostoliske truvedkjenningaSkulemål i RogalandZákynthos🡆 More