Phyllis Dorothy «P.D.» James, baronesse James av Holland Park, (3.
august">3. august 1920–27. november 2014) var ein britisk forfattar av ei rekkje kriminalromanar. Mest kjent er kanskje bøkene hennar om etterforskaren Adam Dalgliesh, som også danna utgangspunktet for fleire TV-seriar. Ho debuterte i 1962 med kriminalromanen Cover Her Face, som var den fyrste romanen om Dalgliesh.
P.D. James | |
Pseudonym | P. D. James |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 3. august 1920 Oxford |
Død | 27. november 2014 (94 år) |
Yrke | skribent, politikar, romanforfattar, science fiction-forfattar |
Språk | engelsk |
Periode | 1962-2011 |
Politisk parti | Det konservative partiet i Storbritannia |
Sjanger | Kriminalroman, detektivforteljing |
Medlem av | Royal Society of Literature |
Religion | Den anglikanske kirke |
Far | Sydney Victor James |
Mor | Dorothy Amelia Hone |
Ektefelle | Connor Bantry White |
Born | Clare Bantry White, Jane Bantry White |
P.D. James på Commons |
James var fødd i Oxford. Ho måtte avslutta skulegangen ved 16 års alder for å ta seg arbeid, sidan familien var fattig og faren ikkje hadde tru på høgare utdanning for jenter.
Ho arbeidde på eit skattekontor i tre år, og fekk seinare arbeid som assisterande inspisient for ei teatergruppe.
I 1941 gifta ho seg med Connor Bantry White, som var lege i hæren. James gjorde sjølv teneste som sjukepleiar under andre verdskrigen. Deretter arbeidde ho i mange år i innanriksdepartementet innan kriminal- og sjukepleia. Ho arbeidde i mange år ved avdelinga for kriminalteknikk, og deretter med kriminell juss.
James debuterte som forfattar i 1962, då ho var 42 år. Det var med kriminalromanen Cover Her Face, som også introduserte den best kjende detektiven hennar, Adam Dalgliesh ved Scotland Yard. Boka fekk gode kritikkar. Seinare, i An Unsuitable Job for a Woman i 1972, introduserte ho òg den kvinnelege privatdetektiven Cordelia Gray. I 1979 blei ho forfattar på heiltid. Den åttande boka hennar, Innocent Blood frå 1980, gav henne internasjonal merksemd.
I tillegg til krim skreiv James ein dystopisk roman, The Children of Men, som kom ut i 1992.
Ho var òg medlem av Overhuset i Det britiske parlamentet og blei tildelt fleire ordenar.
James var styremedlem i BBC (1988–93), Arts Council (1988–92) og British Council (1988–93). I 1983 mottok ho Order of the British Empire, og i 1991 blei ho utnemnd til life peer, adelstittel for resten av livet med møterett i Overhuset. Ho sat i Overhuset som konservativ. Ho sat òg ein periode i styret for BBC.
P.D. James gifta seg med doktor Ernest Connor Bantry White i 1941. Ho blei enkje i 1964 då ektemannen døydde etter lang tids sjukdom. Dei fekk to døtrer (fødd i 1942 og 1944).
Om ikkje anna er oppgjeve, er bøkene kriminalromanar.
Norsk tittel | Utgitt | Originaltittel | Utgitt |
Martingale-mordet | 1976 | Cover Her face | 1962 |
Anlegg for mord | 1977 | A Mind to Murder | 1963 |
En upassende jobb for en kvinne | 1977 | An Unsuitable Job for a Woman | 1972 |
Av samme blod | 1981 | Innocent Blood | 1980 |
Mens englene sover | 1984 | Shroud for a Nightingale | 1971 |
Døden i laboratoriet | 1985 | Death of an Expert Witness | 1977 |
Dødsmerket | 1986 | The Skull Beneath the Skin | 1982 |
Dragning mot død | 1987 | A Taste for Death | 1985 |
Intriger og begjær | 1990 | Devices and Desires | 1990 |
Menneskenes barn | 1993 | The Children of Men | 1992 |
Mystiske omstendigheter | 1994 | Unnatural Causes | 1967 |
Arvesynd | 1994 | Original Sin | 1994 |
I rettferdighetens navn | 1998 | A Certain Justice | 1997 |
Hellig død | 2002 | Death in Holy Orders | 2001 |
Mordrommet | 2004 | The Murder Room | 2003 |
Fyret | 2006 | The Lighthouse | 2005 |
Det svarte tårnet | 2007 | The Black Tower | 1975 |
Den siste pasienten | 2009 | The Private Patient | 2008 |
Mange av bøkene om Adam Dalgliesh er vorte til fleire mini-serier og TV-filmar. Den fyrste kom i 1983 med Roy Marsden i rolla som Adam Dalgliesh, og seinare kom to med Martin Shaw. Seriane med Roy Marsden er utvilsamt mest kjende, og han var òg lengst i rolla.
Helen Baxendale spelte hovudrolla i fleire sesongar av ein TV-serie basert på dei to bøkene om Cordelia Gray.
I 2006 kom ei filmatisering av Children of Men. Ho var regissert av Alfonso Cuarón, og hadde Clive Owen i hovudrolla.
I 1987 var P.D. James formann for juryen ved utdelinga av Booker-prisen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article P.D. James, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.