Oljemåleri er ein måleteknikk der ein bruker olje som bindemiddel mellom pigmenta.
Den vanlegaste olja brukt til å laga målinga er linolje, medan ein bruker terpentin eller liknande til å tynna henne. Ein kan måla på ulike underlag, som lerret, tre, kartong eller papir. Det ferdige måleriet blir beskytta av ein ferniss av harpiks.
Oljemåleri er har særleg hatt ein framtredande plass i vestleg biletkunst frå 1400-talet. Overgangen byrja med tidleg nederlandsk måleri, og i løpet av renessansen fortrengde oljemåling nesten heilt eggtempera i store delar av Europa. Opphavleg framstilte ein målinga for hand, ved å blanda pulver av naturlege pigment og olje. Frå 1850-talet av blei det også laga syntetiske pigment, og målinga blei også selt i tuber.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oljemåleri, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.