Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball

Det norske U21-herrelandslaget i fotball er eit landslag for spelarar som er 21 år eller yngre.

Noverande trenar er Tor Ole Skullerud.

Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball
Det norske U-21-herrelandslaget i fotball i kampen mot Austerrike 29. mars 2011. Øvst frå venstre: Stefan Strandberg, Marcus Pedersen, Markus Henriksen, Anders Konradsen, Simen Wangberg, Arild Østbø. Nedst frå venstre: Jo Inge Berget, Joakim Våge Nilsen, Harmeet Singh, Vegar Eggen Hedenstad og Magnus Wolff Eikrem.

Laget tok bronse under EM for U21 i 1998.

1978-1996

Noreg deltok i 10 kvalifiseringar på rad utan å kvalifisere seg til sluttspel. Eit høgdepunkt var likevel sigeren over Italia 5. juni 1991, der Noreg vann 6-0 over laget som seinare vann heile turneringa.

EM 1998

Laget tok bronse under EM i 1998 med Nils Johan Semb som trenar. Det er elles fram til 2013 einaste gongen laget som klarte å kvalifisere seg til eit EM.

Tabell kvalifiseringsgruppe 3

# Lag K S U T Mål ± P
1 Noreg 8 5 2 1 22–10 12 17
2 Frankrike 8 4 3 1 13–8 5 15
3 Sveits 8 2 3 3 13–17 −4 9
4 Finland 8 2 3 3 8–10 −2 9
5 Ungarn 8 1 1 6 9–20 −11 4

Noreg kvalifiserte seg som puljevinnar.

Sluttspel

I sluttspelet vann Noreg med 1-0 mot Sverige i kvartfinalen, medan det vart tap mot Spania i semien med same resultat på golden goal. Noreg vann bronsefinalen med 2-0 mot Nederland etter to mål av Steffen Iversen.

På laget spelte seinare landslagsspelarar som Espen Baardsen, Vegard Heggem, Frode Kippe, Eirik Bakke, Thorstein Helstad, Andreas Lund, Erik Nevland og Steffen Iversen.

2000-2011

Noreg klarte ikkje å kvalifisere seg til nokon av dei sju sluttspela frå 2000 til 2011. Laget gjekk vidare frå puljepelet både i 2000 og 2004, men tapte play-off mot høvesvis Spania og Serbia og Montenegro

EM 2013

Kvalifisering

Per Joar Hansen var trenar då laget for andre gong kvalifiserte seg til eit EM-sluttspel. Kvalifiseringa for EM 2013 vart spelt i perioden mars 2011 til oktober 2012, medan sluttspelet skal spelast i Israel i perioden 5.-18. juni 2013.

Kampane til Noreg i kvalifiseringa

6. september 2011 Island - Noreg 0-2 King, Rogne
6. oktober 2011 Aserbajdsjan - Noreg 0-2 Henriksen, Børven
10. oktober 2011 Noreg - England 1-2 Berisha
10. november 2011 Noreg - Belgia 2-2 Pedersen, de Lanlay
1. juni 2012 Noreg - Aserbajdsjan 1-0 Pedersen
12. juni 2012 Noreg - Island 2-1 Eikrem, Nilsen
6. september 2012 Belgia - Noreg 1-3 Singh, Berget, Bakenga
10. september 2012 England - Noreg 1-0

Tabell kvalifiseringsgruppe 8

# Lag K S U T Mål ± P
1 England 8 7 0 1 24–3 21 21
2 Noreg 8 5 1 2 13–7 6 16
3 Belgia 8 3 2 3 17–15 2 11
4 Aserbajdsjan 8 2 1 5 6–18 −12 7
5 Island 8 1 0 7 4–21 −17 3

Noreg enda som tredje beste andrelag og kvalifiserte seg med det til play-off om éin av sju ledige sluttspelplassar. Motstandarar var Frankrike. Noreg tapte 1-0 borte, men vann 5-3 (Singh, Nielsen, Rogne, Konradsen, Berget) heime på Marienlyst og kvalifiserte seg til sluttspelet i Israel.

Sluttspel

Tor Ole Skullerud overtok som trenar før sluttspelet, då Per Joar Hansen vart tilsett som ny Rosenborg-trenar.

Noregs kampar i gruppespelet

5.juni Noreg - Israel  2  2
8.juni Noreg - England
11.juni Noreg - Italia

Tabell gruppe A

# Lag K S U T Mål ± P
1 Italia 1 1 0 0 1–0 1 3
2 Israel 1 0 1 0 2–2 0 1
2 Noreg 1 0 1 0 2–2 0 1
4 England 1 0 0 1 0–1 −1 0

Trenarar

Lista er ikkje fullstendig.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball 1978-1996Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball EM 1998Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball 2000-2011Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball EM 2013Det Norske U21-Herrelandslaget I Fotball TrenararDet Norske U21-Herrelandslaget I Fotball KjelderDet Norske U21-Herrelandslaget I Fotball BakgrunnsstoffDet Norske U21-Herrelandslaget I FotballTor Ole Skullerud

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Microsoft WindowsUstedalenMikhail GorbatsjovHeine T. BakkeidAbkhasiaSamleieKoppervikOlav V av NoregEngelskJaran DammannHenrik IbsenTerroråtaka 11. september 2001BokstaveringsalfabetNordfjordeidSkjærtorsdagNoregsmeisterskapen i sjakkCreative CommonsURLTalordNaruhito av JapanBaltimoreNormaltidThessaloníkiMelatoninKirsti BergstøRachel CarsonVerdas landKåre Magnus BerghUTCFloyd CramerBrasilSacramentoHollandSvastikaKnuskkjukeLeonard RickhardUrfolk i USABulgarsk geografiThomas MoreSigmaGolden GlobeVaktlarØresundbruaSyktyvkarWiki CommonsDentalDjengis khanLangfredagsfjæreAudhumblaBrennverdiSnømyrkreRundeLangfredagTysklandAmitav GhoshNederlandTitreringValladolidLokePeloponnesHenry FordAntoinette de JongØDen julianske kalenderenFreddie MercuryGrodagenGripAre KalvøDominicaDan Børge AkerøAC MilanHeidi PetersenHotel CaliforniaLahti-renna 1974dqgy5🡆 More