Polarlys (aurora polaris) er eit naturfenomen som oppstår når solvinden er kraftigare enn normalt, med store elektriske utladingar som slynger elektrisk ladde partiklar (elektron og proton) mot jorda.
Når desse partiklane kolliderer med, og ioniserer, luftmolekyl i den ytre delen av atmosfæren (90 km til 150 km over bakken), vert det produsert «dansande» (bølgjande) lys med ulike fargar.
Polarlys på den nordlege halvkula vert òg kalla aurora borealis eller nordlys, medan polarlys på den sørlege halvkula ofte vert kalla aurora australis eller sørlys. Nord- og sørlys opptrer i ein oval ring rundt den magnetiske nord- eller sørpolen.
I Noreg er nordlyset mest aktivt like før midnatt, to-tre døger etter at store solflekkar har hatt utbrot på sola. Dei mest aktive nordlysmånadene er mars, april, september og oktober. På grunn av lystilhøva er det lettast å sjå nordlyset kring midtvinter.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Polarlys, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.