Nordkalotten er eit geografisk område i det nordvestre hjørnet av Europas fastland.
Ei enkel geografisk skildring er at Nordkalotten er det arktiske området av Noreg, Sverige, Finland og dei nordvestre delane av Russland.
Vanlegvis blir Nordkalotten avgrensa på same måte som Nordkalottrådet gjer. Nordkalottrådet er eit av åtte grenseregionale samarbeid undet Nordisk ministerråd, og omfattar i den samanhengen Nordland, Troms og Finnmark fylke i Noreg, landskapet Lappland i Finland og Norrbottens län i Sverige.
Denne grenseskildringa er ikkje fast, sidan omgrepet «Nordkalotten» kan variere i utstrekning mot sør. I nokre skildringar går sørgrensen mykje lenger mot nord, ofte med den nordlegaste delen av Bottenvika som sørgrense. Dersom ein vil inkludere Nordvest Russland i omgret snakkar ein i dag ofte om Barentsregionen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nordkalotten, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.