Nils Trædal (29.
november">29. november 1879–12. oktober 1948) var ein norsk prest og politikar. Han vert rekna som ein av grunnleggjarane av Bondepartiet. Han sat i to periodar på Stortinget, og var kyrkje- og undervisningsminister frå 12. mai 1931 til 3. mars 1933, i regjeringane til Peder Kolstad og Jens Hundseid. 29. februar til 10. mars 1932 var han fungerande statsminister, og også fungerande utanriksminister 1. til 10. mars 1932. Han var formann for Bondepartiet sitt hovudstyre (partileiar) frå 1938 til han døydde.
Nils Trædal | |||
| |||
Fødd | 29. november 1879 Sunndal kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 12. oktober 1948 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet, Venstre | ||
Yrke | politikar, prest | ||
Alle verv |
|
Trædal var bondeson frå Sunndal i Møre og Romsdal fylke. Han blei cand.theol. i 1910. Han var sokneprest i Kolvereid 1912–1923, i Aukra i Møre og Romsdal 1923–1936 og på Støren i Sør-Trøndelag 1936–1948.
På Kolvereid arbeidde han som prest og bonde. Han var ordførar i Kolvereid kommune 1914-1919, og representerte då partiet Venstre. Han vart forkjempar for eit nytt landbrukspolitisk program, men dette fekk ikkje så stor oppslutnad innan Venstre. Trædal vart medstiftar av Landmandsforbundet i 1920, forløparen til Bondepartiet og Senterpartiet.
Innan Bondepartiet fekk han viktige roller som stortingspolitikar, statsråd, leiar og parlamentarisk leiar. Som nestformann i Bondepartiet var han ein hovudaktør i utforminga og gjennomføringa av kriseforliket med Arbeidarpartiet i 1935.
Nils Trædal sat på Stortinget for Møre og Romsdal 1934-1936, og for Sør-Trøndelag 1945-1949.
Trædal døydde under mystiske omstende den 12. oktober 1948. Han fall ut frå tredje etasje i heimen sin i Oslo og omkom. Det verserte lenge rykte om han var myrda, men Johan J. Jakobsen gir i biografien over Trædal godt belegg for at dette berre var ei tragisk ulykke.
Ei minnebyste er plassert mellom kyrkja og kyrkjegarden på Kolvereid i Nærøy kommune. Minnesmerket vart avduka den 14. august 2005.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nils Trædal, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.