Nikolaj Aleksejevitsj Kasatkin (25.
desember">25. desember 1859–17. desember 1930) var ein russisk kunstmålar som er rekna som ein av grunnleggjarane av sosialrealismen i russisk kunst.
Nikolaj Kasatkin | |
Verkeleg namn | Николай Алексеевич Касаткин |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 25. desember 1859 Moskva |
Død | 17. desember 1930 (70 år) |
Yrke | kunstmålar |
Språk | russisk |
Nikolaj Kasatkin på Commons |
Kasatkin var son av ein gravør og litograf.
I tida 1873-83 studerte han under Vasilij Perov og Illarion Prjanisjnikov ved Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur. Sjølv underviste han ved same lærestaden frå 1894 til 1917. Frå 1891 var han medlem av Peredvizjnikij-gruppa. I 1903 blei han medlem av Det russiske kunstakademiet. I 1922 melde han seg inn Kunstnarforbundet i det revolusjonære Russland (AkhRR - Assoziazija chudoshnikow Rewoljuzionnoi Rossii).
I si første tid måla Kasatkin sjangerbilete. Han vigde seg så til å skildre livet til arbeidarane og gruvefolket i Donetsk-bekkenet, til dømes gruvearbeidaren. Mellom dei fremste verka frå denne tida er Trekkdyret (1885), Gruvearbeiderske (1894) og Skiftombyte (1895). Desse måleria bygger på inntrykk frå nokre reiser i Donetsk-bekkenet samt Ural, som han gjennomførte i åra frå 1892 til 1897.
Inntrykk frå den revolusjonære tida 1905/07 kjem til syne i bilete som Arbeidarkampar (1905) og Arbeidersker stormar ein fabrikk (1906). Med desse og andre verk vart Kasatkin ein vegbrøytar for den sosialrealistiske stilretninga.
I tida mellom 1906 og 1910 reiste han i det europeiske utland. Desse reisene førte han til Finland, Noreg, Sverige, Italia og til Tyrkia. Etter oktoberrevolusjonen tok Kasatkin del i den kulturelle og samfunnsmessige omveltinga i heimlandet. Han døydde i 1930 i fødebyen Moskva.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nikolaj Kasatkin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.