NORDØK var ein planlagd nordisk tollunion.
Planen var å skape ein nordisk fellesmarknad som eit alternativ det den europeiske fellesmarknaden (EF). NORDØK vart lansert i 1968 av den danske statsministeren Hilmar Baunsgaard.
Planane stranda fordi norske og danske politikarar som samstundes arbeidde for norsk og dansk deltaking i EF, meinte det skulle vere mogleg å vere medlem både av NORDØK og av EF. Dette synet gjorde samarbeidet vanskeleg for Finland, som i utanrikspolitikken måtte ta omsyn til Sovjetunionen, og derfor heldt på ei streng nøytralitetsline andsynes vestmaktene. 24. mars 1970 melde den finske regjeringa at NORDØK-traktaten var ubrukeleg sett frå finsk ståstad.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article NORDØK, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.