Missourielva, engelsk Missouri River, er den lengste elva i Nord-Amerika.
Kjeldene til elva er i Rocky Mountains, vest i delstaten Montana. Derifrå renn ho austover og sidan sørover i 3 767 kilometer, før ho renn ut i Mississippielva nord om St. Louis i delstaten Missouri. Elva får tilførsle frå eit tynt folkesett steppelandskap på om lag 1 300 000 km2, eit nedslagsfelt som omfattar delar av ti delstatar i USA og to provinsar i Canada. Saman med nedre delen av Mississippielva dannar Missourielva verdas fjerde lengste elvesystem.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Missourielva, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.