Maskorama er eit fjernsynsprogram som er den norske utgåva av det internasjonale konseptet The Masked Singer.
Silje Nordnes er programleiar for Maskorama.
Type | fjernsynsprogram | ||
---|---|---|---|
Sjanger | talentkonkurranse, musikkprogram | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Basert på | King of Mask Singer | ||
Kanal | NRK1 |
Konseptet går ut på at eit «detektivpanel», beståande av kjendisar, saman med publikum skal gjette kva for kjendisar som har ikledd seg spektakulære kostyme og masker og framfører eit musikalsk nummer av høg kvalitet. Deltakarane har fordreia stemme i alle samanhengar, bortsett frå når dei syng live. Etter at alle framsyningar har vorte gjennomførte, skal publikum røyste på sine favorittar, og den som får færrast røyster er ute av tevlinga og må «ta av seg maska og få sin identitet avslørt».
Programleiar for Maskorama er Silje Nordnes.
«Detektivpanelet» bestod i sesong 1–3 av stylisten Jan Thomas, artisten Marion Ravn og programleiar og komikar Nicolay Ramm. I tredje sesong var det i tillegg ein gjestedetektiv i kvart program. I sesong 4 tok skodespelar og komikar Robert Stoltenberg og radioprogramleiar Tete Lidbom over rollene som «detektivar» for Thomas og Ramm.
Sesong | Vinnar | Andreplass | Tredjeplass | Premiere | Finale |
---|---|---|---|---|---|
1 | Ulrikke Brandstorp som «Trollet» | Markus Bailey som «Elgen» | Herman Dahl som «Vikingen» | 7. november 2020 | 12. desember 2020 |
2 | Didrik Solli-Tangen som «Snømonsteret» | Victor Sotberg som «Draken» | Ingeborg Walther som «Bamsen» | 6. november 2021 | 11. desember 2021 |
3 | Bilal Saab som «Zombien» | Daniel Kvammen som «Ulven» | Øystein Pettersen som «Rabagasten» | 15. oktober 2022 | 19. november 2022 |
4 | Kevin Vågenes som «Kattepusen» | Linnéa Myhre som «Spirrevippen» | Charlotte Frogner som «Spøkelset» | 11. november 2023 | 16. desember 2023 |
1. oktober 2021 vart det annonsert at NRK skal lansere ein podkast om Maskorama. Programleiar for podkasten er Sarah Natasha Melbye. Totalt skal det sleppast 14 episodar av podkasten, i tillegg til at episodane vert send på NRK Radio kvar torsdag og sundag. Podkasten har premiere 21. oktober 2021.
År | Utmerking | Kategori | Nominert/vinnar | Resultat |
---|---|---|---|---|
2021 | Gullruten | Beste underhaldningsprogram | Maskorama | Vinnar |
Beste grafiske design | Petter Rydeng Ellingsæter, Eirik Olavssønn Aanonsen, Jørn Veberg og Susanne Flender | Vinnar | ||
Beste kostyme | Kjell A. Nordström | Nominert | ||
2022 | Gullruten | Beste underhaldingsprogram | Maskorama | Nominert |
Beste programleder – underhalding | Silje Nordnes | Nominert | ||
Beste foto einkamera – underhalding | Jan Kenneth Disen | Nominert | ||
Beste ljosdesign | Stein Phillips | Nominert |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Maskorama, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.