Makarovpistol

Makarov (PM) er ein halvautomatisk pistol konstruert sist på 1940-talet av russaren Nikolaj Fjodorovitsj Makarov.

I mange år var han militær standardpistol i Sovjetunionen.

Makarovpistol

Makarovpistolen var resultat av ein konkurranse for å laga eit våpen som kunne komma i staden for Tokarevpistolen frå 1933, som i sin tur eit stykke på veg var ein variant av belgiske Fabrique Nationale sin Browning modell 1903. Tokarev vart etter krigen sedd på som for stor, tung og upåliteleg til å vera generell tenestepistol.

Heller enn å utvikle våpenet sitt frå ein eksisterande patron, konstruerte Makarov ein ny, 9x18 mm PM, litt større enn kaliber .380 ACP, men mindre enn kaliber 9 mm Parabellum. For å få våpenet enklast og billegast råd, ville dei han skulle ha ein bakslagsmekanisme, og den nye patronen var den aller kraftigaste som kunne brukast med denne enkle mekanismen. Kula vart med vilje gjord litt breiare enn 9 mm, faktisk 9.3, for å gjera denne ammunisjonen ubrukande for NATO-våpen i 9 mm Parabellum.

Makarovpistolen vart i 1951 vald som vinnar i den ovannemnde konkurransen, og var i teneste hjå sovjetiske militære og politi til Sovjetunionens fall i 1991. Mange tidlegare austblokkland brukar han framleis, og variantar blir framleis laga i både Russland og Bulgaria, sjølv om han er i ferd med å bli bytt ut som standardvåpen i det russiske militæret.

Pistolet Makarova (PM) er då ein mellomstor pistol med enkel bakslagsmekanisme, løp fast i ramma og rekylfjøra rundt dette løpet. Fysisk liknar han Walther PP. Særmerket til våpenet er den ekstreme enkelheita, elegansen i linene og kor få delar han har, noko som gjer han svært robust. Makarov har til og med færre delar enn den austerrikske Glock-pistolen, som vart konstruert mange år seinare med enkelheit for auget. Makarovdelar blir sjeldan øydelagde ved normal bruk, og dei er lette å skifte ut om naudsynt.

Makarov har kombinert enkeltspennar og sjølvspennar. Standardmagasinet held 8 skot, men finst med ti og tolv au.

Makarov vart laga i mange land under den kalde krigen og etterpå, attåt Russland var det DDR, Bulgaria, Kina og det sameinte Tyskland. Marknadsverdien av dei austtyske Makarovpistolane er høgast, da dei blir rekna som dei mest vellaga.

Bakgrunnsstoff

Makarovpistol  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Makarovpistol

Kjelde

Den engelskspråklege wikipediaen, som har ein lengre og meir detaljert artikkel her [1]

Tags:

1940-taletMilitærvesenPistolRusslandSovjetunionen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

IslandAdolf HitlerHovdyrØresundbruaDet greske alfabetetПDen internasjonale kvinnedagenFilmen Harry Potter og ildbegeretKnut Marius DjupvikBolsjevikChristian RingnesSigmaMogopProfessor emeritusCounty DurhamSaltDen romerske republikkenPelle og Pysa PiratLagerthaVerdshandelsorganisasjonenMeisefamilienOtto JespersenTuaregskjoldetGreatest Hits 1982–1989AnkaraSenterpartietStord kommuneZjytomyr oblastImathíaOle PausPedro I av BrasilMads HansenSuezkanalenAfrodisiakumEndurance-ekspedisjonenOh, Boy! av Buddy HollyElektrisk filterRådyrMiddelhavetBergstaden RørosÁrgosEgersundØrnTønsberg kommuneRonja RøverdatterVassfjelletLIonaGeologiEmmylou HarrisInnsjøar i SverigeSt. PetersburgGabrielRoald ØyenThe Rolling StonesEinar TambarskjelveLæringsteorien konstruktivismeSamuel WennbergFærøyaneCHOBA B CCCPGalatádesSein juraKyivKalikoJordskjelv i 2020JesusGallo pintoNord-DakotaRubjerg Knude Fyr1965PumaYatzyRichard Francis BurtonLitauenGjær🡆 More