Kyrkjelærar (Doctor Communis Ecclesiae) er eit æresnamn brukt i den katolske kyrkja om kyrkjelege forfattarar som har utmerka seg ved rett tru, heilag liv og lærdom, og som er blitt uttrykkeleg anerkjende av kyrkja som autoritetar.
Tittelen blir særleg gjevne til teologar og andre ein reknar som førebilde for dei truande.
Dei første kyrkelærarane blei utnemnde i 1298. Desse var Ambrosius av Milano, Augustin av Hippo, Hieronymus og pave Gregor I. Først i 1970 blei den første kvinna, Teresa av Ávila, opphøgd til kyrkjelærar.
Med utnemingane 7. oktober 2012 er det oppnemnd til saman 35 kyrkjelærarar.
Namn | Fødd | Død | Oppnemnd |
---|---|---|---|
Gregor I den store* | ca. 540 | 12. mars 604 | 1298 |
Ambrosius av Milano* | ca. 340 | 4. april 397 | 1298 |
Augustin av Hippo* | 13. november 354 | 28. august 430 | 1298 |
Hieronymus* | ca. 347 | 30. september 420 | 1298 |
Johannes Chrysostomos* | 347 | 407 | 1568 |
Basilios den store* | 330 | 1. januar 379 | 1568 |
Gregor av Nazianz* | 329 | 25. januar 389 | 1568 |
Athanasius av Alexandria* | 298 | 2. mai 373 | 1568 |
Thomas Aquinas | 1225 | 7. mars 1274 | 1568 |
Bonaventura | 1221 | 15. juli 1274 | 1588 |
Anselm av Canterbury | 1033 eller 1034 | 21. april 1109 | 1720 |
Isidor av Sevilla* | 560 | 4. april 636 | 1722 |
Peter Krysologos* | 380 | 450 | 1729 |
Pave Leo I (den store)* | 400 | 10. november 461 | 1754 |
Peter Damian | 1007 | 21.22. februar 1072 | 1828 |
Bernhard av Clairvaux | 1090 | 21. august 1153 | 1830 |
Hilarius av Poitiers* | 300 | 367 | 1851 |
Alfonso Maria de Liguori | 27. september 1696 | 1. august 1787 | 1871 |
Frans av Sales | 21. august 1567 | 28. desember 1622 | 1877 |
Kyrillos av Alexandria* | 376 | 27. juni 444 | 1883 |
Kyrillos av Jerusalem* | 315 | 386 | 1883 |
Johannes av Damaskus* | 676 | 5. desember 749 | 1883 |
Beda den ærverdige* | 672 | 27. mai 735 | 1899 |
Efrem Syraren* | 306 | 373 | 1920 |
Peter Canisius | 8. mai 1521 | 21. desember 1597 | 1925 |
Johannes av Krossen | 24. juni 1542 | 14. desember 1591 | 1926 |
Roberto Bellarmino | 4. oktober 1542 | 17. september 1621 | 1931 |
Albertus Magnus (Magnus den store) | 1193 | 15. november 1280 | 1931 |
Antonius av Padua | 15. august 1195 | 13. juni 1231 | 1946 |
Laurentius av Brindisi | 22. juli 1559 | 22. juli 1619 | 1959 |
Teresa av Ávila | 28. mars 1515 | 4. oktober 1582 | 1970 |
Katarina av Siena | 25. mars 1347 | 29. april 1380 | 1970 |
Teresa av Lisieux | 2. januar 1873 | 30. september 1897 | 1997 |
Hildegard von Bingen | 1098 | 1179 | 2012 |
Johannes av Ávila | 6. januar 1499 | 10. mai 1569 | 2012 |
*Også anerkjende av Den ortodokse kyrkja.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kyrkjelærar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.