Knut Hermundstad (20.
mai">20. mai 1888–20. april 1976) var ein norsk folkehøgskulelærar, folkeminnesamlar, statsstipendiat og kulturarbeidar frå Valdres.
Knut Hermundstad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. mai 1888 |
Død | 20. april 1976 (87 år) |
Hermundstad var fødd i enkle kår, som eldste sonen av grendeskreiar Håvard Knutsson Hermundstad, gjekk på Helgheim folkehøgskule i Sogndal kommune (1907–08) og tok lærarskule på Hamar 1908-11. Den fyrste lærarstillinga hans var i Etnedal kommune, og deretter ved framhaldsskulen i Øystre Slidre kommune 1915-1917. Etter det vart han lærar ved Valdres folkehøgskule 1917-1953, inntil han i ein alder av 65 vart statsstipendiat og kunne samla seg om kulturminnearbeid og folkeminnesamling på heiltid.
Hermundstad var formann i Valdres bygdeboknemnd 1949-68 og redaktør for 5 bind av bygdeboka. Vidare var han formann i styret for Valdres Folkemuseum, medlem av styret for Valdres Historielag frå 1932 til han døydde (leiar 1945-51). Her leidde han årbokredaksjonen 1933-1942. Han leidde avhaldslosjen Ungskogen 1920-27 og var fylkesleiar i Det Norske Totalavholdsselskap 1927, 1929 og 1930.
Som folkeminnesamlar debuterte han med «Gjætarliv i Valdres i gamal tid» i Tidsskrift for Valdres Historielag 1933. Boka Gamletidi talar vart gjeven ut av Norsk Folkeminnelag i 1936 som det fyrste av i alt 8 bind med Gamal Valdreskultur.
Han vart nemnt ut til statsstipendiat i 1954, fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1961, Norsk kulturråds pris for lokalhistorie i 1973, pris frå Nansenfondet, Asbjørn Klostermedaljen for avhaldsarbeidet og var æresmedlem i fleire organisasjonar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Knut Hermundstad, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.