Klockerin er eit 3 422 meter over havet høgt fjell i Glockner-massivet i Hohe Tauern i Alpane, i forbundslandet Salzburg i Austerrike.
Nordvestveggen på fjellet er om lag 920 meter høg og stig i eit gjennomsnitt på 54°. Særleg mot vest, frå fjellvatnet Stausee Mooserboden framstår Klockerin som eit veldig, skinande massiv.
Klockerin | |||
fjell | |||
Klockerin, sett frå Hintere Bratschenkopf | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 422 moh. | ||
Primærfaktor | 166 m | ||
Førstestiging | 1869 | ||
Koordinatar | 47°8′49″N 12°44′9″E / 47.14694°N 12.73583°E | ||
Klockerin 47°08′49″N 12°44′09″E / 47.1469°N 12.7358°E | |||
Wiki Commons: Klockerin | |||
Fjelltoppen vart vitja fyrste gongen den 18. september 1869 av den tyske fjellklatraren Karl Hofmann og kjøpmannen Johann Stüdl, i fylgje med fjellførarane Thomas Groder og Josef Schnell frå landsbyen Kals am Großglockner. Same dagen vart dei fire også fyrstebestigarar av Hintere Bratschenkopf og Große Bärenkopf.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Klockerin, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.