Kjepphest

Kjepphest er eit leiketøy laga av ein stokk med hestehovud, som barn kan halda mellom beina medan dei spring og leika at dei rir på.

Kjepphest
Barn rir på kjepphest med stoppa tøyhovud.
Kjepphest
Gut på kjepphest frå biletet Die Kinderspiele av Pieter Bruegel den eldre frå 1560.

Den enklaste forma for kjepphest kan vera eit kosteskaft eller liknande med eit hovud av tøy eller tre. Ved hovudet kan det setjast ein tverrpinne som gjer leika lettare å halda. Hesten kan også utstyrast med seletøy, sal midt på, og hjul nedst.

Omgrepet «kjepphest»

Ein kan også snakka om «kjepphest» i overført tyding, om noko ein er svært oppteken av, som ei sak eller ein hobby. Å stadig «ri ein kjepphest» kan visa til at ein snakkar i tide og utide om noko ein føler sterkt for.

Ein kjend «kjepphest» er haldninga til den romerske senatoren Marcus Porcius Cato den eldre (234-149 f.Kr.), som avslutta kvart einaste innlegg i senatet med orda: «Og elles er det mi meining at Kartago bør øydeleggjast».

Ordsoge

engelsk kallar ein kjepphestar for hobby-horse eller berre hobby, truleg danna av namnet Robert. Dette har igjen gjeve ordet «hobby» i tydinga 'favorittsyssel, yndlingsemne' eller 'fritidsinteresse'. Hobby-horse kan også visa til gyngehest, ein karusellhest, og i dag særleg ein teaterhest laga ved at ein eller to personar kler seg ut som ein hest.

Det franske ordet for kjepphest, dada, gav opphav til namnet på kunstretninga dadaisme.

Fortrenging

I nyare tid er kjepphestar i stor grad blitt erstatta av andre transportleiker, som leikebilar og syklar, til dømes sparke- og trehjulsykkel. Ei tidleg sykkelutgåve, springesykkel, blei på engelsk ofte omtala som hobby-horse.

Bilete

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kjepphest  Commons har multimedium som gjeld: Kjepphest

Tags:

Kjepphest Omgrepet «kjepphest»Kjepphest OrdsogeKjepphest FortrengingKjepphest BileteKjepphest KjelderKjepphest BakgrunnsstoffKjepphestHestLeikLeiketøyRiding

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HaltiKlima i Nord-AmerikaCascadaBaliMBergen kommuneJohnny DeppInófyta2020AlbaniaSara SkjoldnesPelle PolitibilIltalehtiEto Ne LjubovSola kommuneProsaMette-Marit av NoregDen norske språkstriden330 skvadron2006ThívaDet norske alfabetetDag RiisnæsBuddhistiske høgtiderSør-AfrikaLimequatTrettiårskrigen24. aprilFagorganisasjonVM i fotball 2006Det ukrainske alfabetetSoparSamisk musikkMøre og Romsdal fylkeSolaJeff KinneyAmerikakoffertÅBondelungeTorinoMagnus CarlsenLandsmålLønnNazismeEnzymMeter per sekundMarkusmesseDervenokhória2016SamleieHans M. BorchgrevinkDet finske riksvåpenetClement AttleeQawahAOperatunnelenNasjonalsteinFenresulvenFascismeDurgaHelena BrodtkorbNynorsk WikipediaDaddelZinédine ZidaneSothøneEukaryotarWiki CommonsDomokósDomenetapRegnskogPláka DílesiTamilFolkerepublikken Kina🡆 More