Kenenisa Bekele (fødd 13.
juni">13. juni 1982) er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 5000 meter og 10 000 meter. Han held både verdsrekorden og den olympiske rekorden på begge distansane.
Kenenisa Bekele | |
Kenenisa Bekele feirar siger frå VM i friidrett 2009 i Berlin. Foto: Erik van Leeuwen | |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 13. juni 1982 (41 år) Bekoji |
Yrke | langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 165 centimeter |
Kenenisa Bekele på Commons |
Under sommar-OL 2004 i Athen tok Bekele sølv på 5000 meter, berre slått av legenden Hicham El Guerrouj. Bekele vann gull på 10 000 meter same året. Under sommar-OL 2008 i Beijing var Bekele uslåeleg og tok gull på begge distansane. I tillegg har han VM-gull i langdistanseløp frå Paris i 2003, Helsingfors i 2005, Osaka i 2007 og Berlin i 2009.
Kenenisa Bekele deltok under sommar-OL 2012 i London i 2012. Same året fekk han Bislett-medaljen for store idrettsbragder på Bislett stadion.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kenenisa Bekele, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.