Kamila Skolimowska

Kamila Skolimowska (4.

november">4. november 198218. februar 2009) var ein polsk sleggjekastar frå Warszawa som vart olympisk meister i øvinga under OL 2000 i Sydney, knapt 18 år gammal. Ho vann elles ein sølvmedalje i EM 2002 og ein bronsemedalje i EM 2006.

Kamila Skolimowska
Kamila Skolimowska
Statsborgarskap Polen
Fødd 4. november 1982
Warszawa
Død

18. februar 2009 (26 år)
Vila Real de Santo António

Yrke sleggekaster, friidrettsutøvar
Språk polsk
Kamila Skolimowska på Commons

Aktiv

Skolimowska vart lagt merke til allereie som 15-åring, ho vann då sleggjetevlinga under junior-VM 1997. To år seinare gjorde ho ei liknande bragd då ho gjekk til topps under ungdoms-VM 1999 i Bydgoszcz.

Kort tid føre Sommar-OL 2000 slengde Skolimowska sleggja over 70 meter for fyrste gong. I Sydney auka ho til 71,16 meter og vann gullmedalje med nær 1,5 meters margin til Olga Kuzenkova og bort i to meter til Kirsten Münchow. Ho var den yngste gullvinnaren på friidrettsbana i Sommar-OL 2000.

Kamila Skolimowska 
Kamila Skolimowska under den polske friidretts-meisterskapen 2007

Skolimowska kom på fjerdeplass i friidretts-VM 2001 i Edmonton, 82 cm bakom bronsevinnar Bronwyn Eagles frå Australia. Året etter tok ho sølvmedaljen ved EM i friidrett 2002 i München. Deretter vart ho nummer åtte ved VM 2002 i Paris, fem under sommarleikane 2004 i Aten og seks i verdsmeisterskapen 2005 i Helsinki. Fire dagar etter VM-finalen vann ho sleggjetevlinga under universiaden i Izmir med eit bestekast på 72,75 m.

Skolimowska sikra seg bronsemedaljen då EM 2006 fann stad i Göteborg. Den 11. mai 2007 sette ho med 76,83 meter sin 17. polske rekord. Tre månader etter vart ho nummer fire i Osaka-VM. Ho kvalifiserte seg til OL-finalen 2008 i Beijing, men hadde ikkje eit einaste godkjent finalekast.

Vinteren 2009 døydde Skolimowska brått under ein treningsleir i Vila Real de Santo António i Portugal. Dødsårsaka var fastslått å vere lungeemboli.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Kjelder

Tags:

18. februar198220094. novemberPolenSydneyWarszawa

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ØrstaKrutHepatitt BFilmserien Harry PotterLinn UllmannHlíðarfjallTanágraHypoteseJa, vi elsker dette landetFranklin D. RooseveltInnsjøar i SverigeRussisk litteraturEtanolPlaneten SaturnAttila HorvathKapp VerdeProvinsar i OmanJaktaSamfunnKarl Ove KnausgårdHarald EiaFirenzeSvartedauen27-årsklubbenInternasjonal politikkRabalsmellenNellikrevolusjonenBrennverdiOblatSpeleautomatSportsjournalistenes statuettStorfuglKnut T. StorbukåsAkselBergen kommuneElon MuskEli Kari GjengedalFotballHar SedomInternettRekonvalesensHeradHindugudarSola kommuneHammarby IF FFKazanDet finske riksvåpenetJessica DigginsDamplokomotivAsker kommuneTraktorFemtiøringIf I Were SorryAfrikaVictoria av StorbritanniaWalesE-nummerFranskHøgaste fjell i Noreg etter primærfaktorSør-Trøndelag fylkeGrodagenArne SørliMarte GerhardsenAfghanistanMargaret SkjelbredOphiocordyceps unilateralisPeriferien Sentral-HellasMenneskeanatomiJerpeSMS-språk🡆 More