Kajakk

Kajakk (av kalaallisut qajaq) er eit lite fartøy med dekk som vert padla med ei dobbel padleåre.

Padlaren sit i ei opning i dekket som vert kalla sitjebrønnen, og denne har ofte eit spruttrekk som hindrar at det kjem inn vatn i kajakken. Storleiken på sitjebrønnen varierer – medan havkajakkar har god plass til føtene inne i skroget, har dei mindre flattvasskajakkane, som er bygde for fart, ikkje komfort og stabilitet, svært avgrensa plass, noko som medfører at padlaren ikkje kan sitje i kajakken med utstrekte føter. Den mest vanlege kajakktype er til éin person, men det finst utgåver med både to og fire roarar.

Kajakk
Sportskajakkpadling i Virginia i USA
Kajakk
Padling i tomannskajakk

Kajakkar er oftast laga av glasfiber, karbonfiber eller kevlar, men finst også i utgåver laga i tre, ofte dekte av eit lag glasfiber som vert gjord gjennomsiktig under lamineringa. I sjeldne tilfelle er kajakken berre laga av tre. Ein del av dei meir hardføre havkajakkane vert dessutan laga i rein plast.

Opphavleg var ein qajaq ein fangstbåt frå dei arktiske områda i Nord-Amerika og på Grønland. Qajaq tyder «mannebåt» eller «jegerbåt». Tilsvarande fanst det ein «kvinnebåt» som ein kalla umiaq. Baidarka er ein liknande båt for 2–3 personar frå Aleutane i Alaska som fyrst og fremst vart brukt til transport.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

GrønlandskÅre

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SjølvstendeAmalie SkramKevlarRekonvalesensLoddeTommeTromsø kommune23. aprilKrag-Jørgensen-rifleJordskorpeplatePolenMouzákiSola kommunePanterVerkstadWayback MachinePierre-Simon LaplaceWiki CommonsNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973MaiMarie AntoinetteFascismeVinter-OL 1988SionistMånenNord-AmerikaMusculus latissimus dorsiTutrakanRotteKattSofie MarhaugStrilamålRekreasjonKjerringa med stavenSamisk kulturLímni PlastíraArsenal FCSnikkarSixteen TonsMjøsaHaakon Magnus av NoregEiffeltårnetHistorisk oversyn over kommunar i HordalandDen muslimske verdaVesle GaldhøpiggenDen gamle verdaFilmserien Harry PotterOverarmsbeinInkarikets fallLewis CapaldiOrMoldaviaDonald TrumpGonzález IslandPlatonEtanAbdusamet YigitBjørnstjerne BjørnsonHar SedomStyresettEuropaTaekwondoHelena BrodtkorbGunnhild SundliSamvirkelagKirkenærSjangerForbundsrepublikkNorsk folkedansOksygenPetter DassMidsommar🡆 More