Kabul Serena Hotel

Kabul Serena Hotel er eit femstjernes hotell som ligg sentralt i Kabul i Afghanistan.

Det blei bygd i 1945 og seinare oppgradert og gjenopna i 2005.

Kabul Serena Hotel
Kabul Serena Hotel
Hageområdet i Kabul Serena Hotel
Skipa1945
EigarDen afghanske staten
HovudkontorKabul i Afghanistan
LandAfghanistan
Nettstadhttps://www.serenahotels.com/kabul
Kabul Serena Hotel
Inngangen til Serena Hotel.
Kabul Serena Hotel
Inne frå hotellet.

Hotellet er rekna som ein trygg stad å bu i Kabul å bu for utlendingar, og er mykje brukt av diplomatar og andre internasjonale tilreisande. Den australske ambassaden i Afghanistan held til i hotellet. Serena Hotel har likevel vore gjenstand for to døydelege terroråtak, eit i 2008 og eit i 2014.

Hotellet er omkransa av ein hage og har utsyn over Zarnegar-parken. Det har 177 rom; av desse er 17 suitar. Det har også fleire etestader, som Café Zarnegar, som serverer afghansk mat, Silk Route, som serverer søraustasiatisk mat, bakeriet Serena Pastry Shop og snøggmatstaden Char Chata Lounge.

Serena Hotel har også symjebasseng, spa, treningsrom og konferanserom.

I 2008 trengde fire menn frå Taliban seg inn på hotellet. Dei sprengde ei bilbombe utanfor; ein av dei hadde med seg ein bombevest inn. Seks menneske blei drepne, mellom dei den norske journalisten Carsten Thomassen, to hotellvaktar, ein filipinsk tilsett, ein amerikansk politisk aktivist, Thor Hesla. Seks andre blei skadd, mellom dei den norske informasjonsrådgjevaren Bjørn Svenungsen frå Utanriksdepartementet og ein diplomat frå Dei sameinte arabiske emirata. To av åtakarane sprengde seg sjølv i lufta, ein blei skoten og ein blei fanga.

Ein norsk delegasjon som omfatta utanriksminister Jonas Gahr Støre budde på hotellet under åtaket. Delegasjonen var verna av norske styrkar, og blei sende til eit sikkert rom under åtaket.

Åtaket i 2014 fann stad under den persiske nyttårsfeiringa navroz, og blei utført av fire ungdommar tilknytte Taliban. Hotellet hadde også mange utanlandske valobservatørar i samband med det komande presidentvalet.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kabul Serena Hotel  Commons har multimedium som gjeld: Kabul Serena Hotel

Tags:

AfghanistanHotellKabul

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AfrodisiakumKristopher SchauMaroon 5Dorset2024Christian StrandHøgaste fjell i EuropaDavid Ben-GurionKurveTadsjikistanGauklaget i SkaunAndre verdskrigenAnders HovdenEl SalvadorLinda EideLourdesSlaget ved RossbachEkvatorIonaLady WriterDag HammarskjöldTsjekkiaDen internasjonale kvinnedagenAkslaOlympiske leikarw1p04IslamApp StoreHalloOn the NightPermtidaFirkantkurveAlaskaAfghansk myndeDet osmanske riketZazaiskEurovision Song Contest 2012GrodagenAustraliaNattverdHákarlHalle BerryAlexander von HumboldtNasjonalrettTsjekkoslovakiaPhil PalmerSmuglingMosesCalling ElvisLondonFilmen Harry Potter og FøniksordenenRenée ZellwegerPåskeHydrometerIngmar BergmanDen apostoliske truvedkjenningaOlav II av NoregVerdSamara oblastAlzheimers sjukdomHotel Union ØyeVasco da GamaNovo Selo i regionen SøraustJulenissenTranebærUigurarHandball-VM 2015 for mennIALA maritime bøyesystemPeoníaEngelskCountrySaudi-ArabiaGraveugleGrunnstoffliste etter namnY🡆 More