John Whetton (fødd 6.
september">6. september 1941) er ein britisk tidlegare mellomdistanseløpar frå Mansfield som i 1969 vart europameister på 1500 meter.
John Whetton | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 6. september 1941 (82 år) Mansfield |
Idrett | friidrett |
Tok del i |
Whetton kom på åttandeplass på 1500 meter med tida 3.42,4 då Sommar-OL 1964 fann stad i Tokyo. Fire år seinare enda han på femteplass på distansen ved dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen, langt bak medaljevinnarane. I finalen på 1500 meter under EM i friidrett 1969 i Aten gjorde Whetton sitt livs løp. Han spurta i mål til gullmedalje, personbeste og meisterskapsrekorden 3.39,4, eitt tidels sekund føre irske Frank Murphy.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article John Whetton, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.