Ida er eit kvinnenamn av germansk opphav.
Namnet kjem av id som tyder arbeid. Det er kjend frå gammalhøgtysk Ita og frå gammalsaksisk.
Ida har namnedag i Noreg den 4. september, i Sverige den 14. september.
Bruken av namnet byrja å gå opp rundt 1975 og nådde ein topp mot slutten av 1980-talet, då det blei gjeve til over 2 % nyfødde jenter. I dag heiter 15 390 norske kvinner Ida (2005).
Namnet blei spreidd i den engelsktalande verda gjennom Alfred Tennyson sitt dikt The Princess (1847) som seinare blei gjort om til den komiske operaen Princess Ida (1884) av Gilbert og Sullivan.
Namnet Ida er særleg kjend i Skandinavia etter bøkene, tv-serien og filmane om Emil i Lönneberget frå 1970-talet, der Ida var namnet på veslesøstera til Emil.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ida, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.