Ida Hjort Kraby

Ida Hjort Kraby er ein norsk jurist.

Ida Hjort Kraby (fødd 2. september 1960) er ein norsk jurist. Ho vart tilsett som advokat ved Regjeringsadvokaten i september 1993. Kraby var konsulent og rådgjevar i Justisdepartementet si lovavdeling frå 1988 til 1992.

Ida Hjort Kraby
Fødd2. september 1960 (62 år)
Yrkeadvokat

Ida Hjort Kraby er dotter av høgsterettsadvokaten Pål Kraby. Ho er utdanna ved Universitetet i Oslo der ho tok juridisk embetseksamen i 1988. Under studietida hadde ho eit opphald ved Harvard Law School.

Kraby blei utnemnd til nytt barneombud i Noreg av Kongen i statsråd den 8. februar 2008, og skulle ha byrja i stillinga i april, men valde allereie 14. februar å trekkje seg frå stillingan. Det skjedde etter at det blei klart at barne- og likestillingsminister Manuela Ramin-Osmundsen, som hadde tilsett ho, etter sterkt press valde å trekkje seg frå regjeringa grunna kritikk i samband med nett denne tilsetjinga.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ida Hjort Kraby, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.