INRI er eit akronym for latinske IESVS NAZARENVS REX IVDÆORVM, som tyder 'Jesus frå Nasaret, konge av jødane'.
Ifølgje Johannesevangeliet stod denne innskrifta på ein plakett som var festa på krossen til Jesus under krossfestinga. Det er sidan blitt brukt i kristen kunst.
Evangeliet fortel at innskrifta var skriven på tre språk: Latin, gresk og hebraisk. Den greske varianten av akronymet er ΙΝBΙ, kort for Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων.
Dei andre tre evangelia har liknande skildringar:
Markus | Lukas | Matteus | Johannes | |
---|---|---|---|---|
Vers | Mk 15,26 | Luk 23,38 | Mt 27,37 | Joh 19,20 |
Inskipsjonen på gresk | ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων | ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων οὗτος | Οὗτός ἐστιν Ἰησοῦς ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων | Ἰησοῦς ὁ Ναζωραῖος ὁ βασιλεὺς τῶν Ἰουδαίων |
Translitterasjon | ho basileùs tôn Iūdaíōn | ho basileùs tôn Iūdaíōn hûtos | hûtós estin Iēsûs ho basileùs tôn Iūdaíōn | Iēsûs ho Nazōraêos ho basileùs tôn Iūdaíōn |
Omsetjing | Jødenes konge | Han [er] jødenes konge | Det er Jesus, jødenes konge | Jesus fra Nasaret, jødenes konge |
Språk | ikke spesifisert | ikkje spesifisert | ikkje spesifisert | hebraisk, latin, gresk |
I kunsten ser ein ofte denne inskripsjonen på krusifiks.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article INRI, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.