Hvalbukta (engelsk Bay of Whales) er ei naturleg ishamn føre Rossisen like nord for Roosevelt Island i Antarktis.
Ho er det sørlegaste punktet med ope hav ikkje berre i Rosshavet, men i heile verda. Rosshavet strekkjer seg mykje lenger sørover, så langt som til Gold Coast, kring 320 km frå Sørpolen, men dette området er stort sett dekt av Rossisen og ikkje ope hav.
Hvalbukta | |||
Bay of Whales | |||
bukt | |||
Isbrytar ved ishamna i Hvalbukta. | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Stad | Ross Dependency | ||
- koordinatar | 78°30′S 164°20′W / 78.500°S 164.333°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hvalbukta 78°30′00″S 164°19′59″W / 78.5°S 164.333°W | |||
Wiki Commons: Bay of Whales | |||
Ernest Shackleton gav bukta namn den 24. januar 1908 under Nimrod-ekspedisjonen, på grunn av dei mange kvalane som vart sett nær bukta.
Under kappløpet mot Sørpolen, oppretta Roald Amundsen ein mellombels base, som han kalla Framheim, ved Hvalbukta. Basen vart nytta mellom januar 1911–februar 1912.
Hvalbukta har òg vore logistisk base for fleire andre viktige antarktiskekspedisjonar, som:
Hvalbukta skiftar kontinuerleg form. Ei landmåling gjort under den andre Byrd-ekspedisjonen i 1934 fann ut at bukta låg i kryssinga mellom to forskjellige issystem, og rørsla deira er påverka av Roosevelt Island som ligg i nærleiken. Offiseren Glen Jacobsen i USN, som vitja bukta ombord på USS «Atka» i januar 1955, fann ut at kalving frå isbremmen gjorde at ein då ikkje kunne nytte ishamna.
Hvalbukta vart heilt øydelagd i 1987 då eit 159 km langt isfjell braut laus frå Rossisen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hvalbukta, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.