Hurra

Hurra er eit utrop som blir brukt til å uttrykka glede, hylling, feiring og liknande.

Hurra
Hurra
«Hip hip Hurra!» (1888) av Peder Severin Krøyer.

Ordsoge

Ordet «hurra» har usikkert opphav, men finst på mange europeiske språk som tysk (hurra), engelsk (hurrah, hooray, huzzah), nederlandsk (hoera), fransk (houra, hourra) og russisk (ura).

Ordet kan ha ein samanheng med verbet «hurre» (norrønt hurra) som kan visa til noko som dundrer, kvervler eller ruser ståkande fram. Det er også blitt sett i samband med jaktrop og med eit sjømannsrop brukt til å dra eller heisa med («heisau! hissa!»), særleg i den eldre engelske forma «huzza».

Bruk

I eldre tekstar blir hurrarop ofte sagt å koma frå folkemengder, gjerne sjøfolk eller militære. Det kan brukast til å æra høgtståande folk, som kongelege. Utropet kan også brukast i samband med ulike sigrar. I mange høve kan det ganske enkelt uttrykka glede over å ropa det: «The populace of a great city, who huzza for any thing that brings them together, huzzaed.»

«Hurra» var kampropet til prøyssiske soldatar i fridomskrigane (Befreiungskriege) under Napoleonskrigane. På tysk nytta ein det mykje i nasjonalistisk tyding, og ordet «Hurra-Patriotismus» blei eit omgrep for ei negativ form for nasjonalisme knytt til krigshissing.

Ordet er blitt knytt til feiringar og festlege høve, som nasjonaldagar, fødselsdagar og anna. Songen «Hurra for deg som fyller ditt år!» illustrerer tilknytinga til fødselsdagsfeiring. Filmen Hurra for Andersens handlar om ei planlagd bryllaupsfeiring. Det har vore eit vanleg ord brukt til skåling, gjerne i forma «hipp hipp hurra», som i det kjende måleriet «Hip hip Hurra!» av Peder Severin Krøyer frå 1888.

Merknadar

Kjelder

Tags:

Hurra OrdsogeHurra BrukHurra MerknadarHurra KjelderHurraFeiringGledeInterjeksjon

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Russisk salatdqgy5Washington, D.C.ZákynthosJohann Sebastian BachInnsjøar i SverigePåskekrimHauge i DalaneEuropiumTurn under Sommar-OL 1988KyprosMichael JordanWayback MachineSekkenRakiaDen spanske inkvisisjonenÆrfuglEric CarmenEØrsta kommuneKommunevåpen i NoregMeter per sekundSavoykålHotel Union ØyeSacramentoMuscatKroatiaNasjonaldyrSamvirkelagFirkantfolketLønnSigmaArnanipatunnelenRoald ØyenKjærleikMichelle ObamaAlderspensjonEmma WatsonTriasNoregArve OpsahlSkulemål i RogalandRegjeringRokadeMinneapolisKošavaTjøttaChristianiaVestland fylkeTivoli i ItaliaVietnamWikisourceVårjamdøgnBelgiaBogotáAstatNaruhito av JapanRachel CarsonCosta RicaFreddie MercuryNazismeTrøffelAndre påskedagArthur RimbaudNoregsmeisterskapen i sjakkKillingPRISMOmanTysklandKristoffer ColumbusKambodsjaHovudsideSan Jose i CaliforniaTeknologiAdolf HitlerWiktionary🡆 More