Hilde Sandvik (fødd 30.
april">30. april 1970) er ein norsk journalist og tidlegare kultur- og debattredaktør i Bergens Tidende. Sandvik er fødd i Erfjord i Suldal kommune og utdanna cand.philol. frå Universitetet i Bergen.
Hilde Sandvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. april 1970 (53 år) Erfjord |
Yrke | journalist, podkastvert, redaktør |
Prisar | Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar |
Hilde Sandvik på Commons |
Sandvik var i perioden 2003-06 redaktør i tidsskriftet Syn og Segn saman med Marit Eikemo.
Ho var sommaren 2005 debattredaktør i Dagbladet. Ho har òg vore spaltist i Klassekampen og dessutan skribent i fleire andre publikasjonar. I perioden frå 2006 til 2016 var ho i Bergens Tidende, først som journalist, så som debattredaktør, og i 2010–16 var ho kultur- og debattredaktør.
I 2012 fekk Sandvik Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar, saman med Katrine Sele.
I 2016 lanserte Sandvik Broenxyz, eit nordisk mediehus, med seg sjølv som redaktør.
I 2020 lanserte NRK P2 i lag med SR og DR radioprogrammet «Norsken, svensken og dansken», eit skandinavisk samarbeid med Hilde Sandvik som programleiar.
Hilde Sandvik er medlem av Utvida Råd i Studentersamfunnet i Bergen. Utvida Råd består av ressurspersonar frå akademia, mediebransjen og kulturlivet i Bergen, og er eit kompetanseorgan for Studentersamfunnet. Ho har tidlegare vore styremedlem i samtidsmusikkfestivalen Borealis og nestleiar i Norsk Tidsskriftsforening.
Sandvik har sidan 2016 vore styremedlem i Amedia, og er i 2020 nestleiar i styret.
Våren 2007 kom Sandvik ut med boka Hersketeknikk, skriven i lag med Jon Risdal. I Diverse teikningar, òg frå 2007, stod Marvin Halleraker i Bergens Tidende for teikningane og Hilde Sandvik for teksta. Hausten 2008 kom boka Traktorland saman med Knut Egil Wang.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hilde Sandvik, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.