Henri-Edmond Cross, pseudonym for Henri Edmond Joseph Delacroix (20.
mai">20. mai 1856–16. mai 1910) var ein fransk kunstmålar som er kjend for sine måleri i den teknikken som vert kalla pointillisme, som vert klassifisert under kunstretninga neo-impresjonisme, altså ny-impresjonisme, òg kalla postimpresjonisme. Cross vart fødd i Douai, og døydde i Saint-Clair i Lavandou i departementet Var.
Henri-Edmond Cross byrja som målar av realistiske måleri i dunkle fargar, men etter å ha knytt venskap med ny-impresjonistiske målarar, mellom dei Paul Signac som han vart ven med i 1883, tok han i bruk pointillisme-teknikken i 1891, altså rett før oppfinnaren av denne målarteknikken, Georges Seurat, døydde. Cross er rekna som ein av dei viktigaste representantane for pointillismen, som han vidareutvikla, og måleria hans har inspirert og påverka Henri Matisse (1869-1954), som Cross vitja i 1904, og andre av dei målarane som fekk nemninga fauvistar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Henri-Edmond Cross, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.