Heilage Tysdag

Heilage tysdag eller store tysdag (gresk Μεγάλη Τρίτη, Megale Trite)) er tysdagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen.

Heilage Tysdag
Frå eit opptog i Ceuta på heilage tysdag.

Austleg kristendom

Heilage Tysdag 
Likninga om dei ti brudejentene (frå Rossano-evangelia).

I orthodoks kristendom, den armenske apostoliske kyrkja og i orientalske katolske kyrkjer som følgjer bysantinsk ritus blir dagen kalla «store tysdag» eller «store og heilage tysdag». Denne dagen markerer ein Likninga om dei ti brudejentene (Mat. 25:1-13). Dette vidarefører tema for den stille veka om å vera årvaken og om Kristus som brudgom. Likninga om talentane (Matt. 25:14-30) blir også teken opp i salmesong denne dagen.

Ottesonggudstenesta frå måndag til onsdag i den stille veka er kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna, noko som blir uttrykt i ein troparion ein messer ved byrjinga. Eit ikon av Kristus brudgom, kledd i lilla kappe med tornekrone på hovudet, blir plassert på ein analogion i midten av tempelet.

Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. Tekstane kan delast inn på ulike vis, men på tysdagen les ein gjerne andre del av Markusevangeliet og to tredelar av Lukasevangeliet. Ved den sjette timen les ein også Esekiel 1:21-2:1.

Vestleg kristendom

Video frå ein prosesjon i Valladolid.

I den katolske kyrkja les ein Jesaja 49:1-6, Salmane 71:1-6 og 71:17, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 13:21-33 og 13:36-38.

Revised Common Lectionary, fastsetjinga av prekentekstar brukt i mange anglikanske, metodistiske, lutheranske, gammalkatolske og reformerte kyrkjer, har Jesaja 49:1-7, Salmane 71:1-14, Første Korintarbrev 1:18-31 og Joh. 12:20-36 som bibeltekstar for denne dagen.

Kjelder

Tags:

Den stille vekaGreskKristendommenPåskeTysdag

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

AnimeTrønderskStilarkQueenIslandMRomaniaPer SivleSpringarMuscatEritreaSkandinaviaKnut Marius DjupvikDei fire årstidenePeriferien Sentral-HellasFrangístaMultiplexerTorskEselSymbol i hinduismenCelsiusFuglarGalileo GalileiJacob BredesenNorsk ytre språkhistorieSiderListe over primtalTonsillSpore på hundEM i fotball 1992US-dollarBergen kommunePeriferieininga KérkyraSvenska flaggans dagStavangerensembletWalesDílesiSilje NordnesRomandieDelaware-elvaTrondheim kommuneVestland fylkeLønnNynorskApureMusikkgruppa GåtePeter GabrielLangfredagMacawiisVladimir PutinVoilà av Barbara PraviMaud av NoregFilmserien Harry PotterLibanonTom HagenSurinamKjærleikAdies syndromKyrá PanajáWenche MyhreBruttonasjonalproduktHappy HumanMax CarlOdd NordstogaTor Arne HetlandOddmund Løkensgard HoelSpaniaAdamstuenGustav VI Adolf av SverigeAlónnisosDovrebanenElizabeth II av StorbritanniaSildGlukoseIngvild KjerkolEndometriose🡆 More