Heidemarie Rosendahl, gift Ecker-Rosendahl, (fødd 14.
februar">14. februar 1947 i Hückeswangen i Nordrhein-Westfalen) er ein tysk friidrettsutøvar som tevla for Vest-Tyskland. Ho vann to gullmedaljar og ein sølvmedalje under Sommar-OL 1972 i München. Året i førevegen vart ho europameister i femkamp.
Heide Rosendahl | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 14. februar 1947 (77 år) Hückeswagen |
Idrett | friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Verdienstorden des Landes Nordrhein-Westfalen, Verdienstkreuz 1. Klasse des Verdienstordens der Bundesrepublik Deutschland, Hall of Fame des deutschen Sports, Sportsperson of the Year |
Rosendahl tok sølvmedaljen i femkamp under EM i friidrett 1966 i Budapest. Ho var småskadd under dei olympiske leikane 1968 i Mexico-byen, og vart nummer 18 i lengdehopp og trekte seg frå femkamptevlinga. Året etter sette ho verdsrekord i femkamp med 5155 poeng. I 1970 sette ho ny verdsrekord i lengdehopp med 6,84 m då ho sigra i universiaden i Torino. Rekorden stod i fem år.
Rosendahl vann gullmedaljen i femkampen under friidretts-EM 1971 i Helsingfors. I same meisterskapen fekk ho bronsemedaljen i lengdehopp med sluttresultatet 6,66 meter.
Under dei olympiske sommarleikane i München i 1972 vann Rosendahl lengdetevlinga med eit hopp på 6,78 meter, ein centimeter lengre enn det Diana Jorgova frå Bulgaria oppnådde. I femkampen tok ho sølvmedalajen, med 4 791 poeng hamna ho ti poeng bakom gullvinnaren Mary Peters frå Storbritannia. Til sist i olympiaden var Rosendahl med på det vesttyske stafettlaget som vann 4 x 100 meter stafett med tid 42,81 sekundar, ny verdsrekord.
Rosendahl slutta som aktiv etter 1973-sesongen. Ho er gift med ein USA-amerikansk basketballspelar og er mor til stavhopparen Danny Ecker.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Heide Rosendahl, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.