Hans Wiers-Jenssen (fødd 25.
november">25. november 1866 i Bergen, død 25. august 1925 i Bergen) var ein norsk forfattar, skodespelar, teaterregissør og teaterhistorikar. Hans Wiers-Jenssen var son av fargar Johan Jenssen og hustrua hans Elisa Magdalena Wiers. I 1894 gifta han seg med Rigmor Nicolowna Danielsen. Teatermannen Johan Henrik Wiers-Jenssen var sonen deira.
Hans Wiers-Jenssen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. november 1866 Bergen |
Død | 25. august 1925 (58 år) |
Yrke | skodespelar, skribent |
Språk | norsk |
Ektefelle | Rigmor Nicolowna Wiers-Jenssen |
Hans Wiers-Jenssen på Commons |
Som forfattar er Hans Wiers-Jenssen særleg kjent for teaterstykka Anne Pedersdotter (urpremiere på Nationaltheatret i 1908), som tek utgangspunkt i den sanne historia om prestekona som vart brunnen på bålet som heks i Bergen i 1590, og Jan Herwitz (urpremiere på Nationaltheatret i 1913, som kan reknast som ein bergensk folkekomedie. Danske Carl Th. Dreyer laga ein film basert på skodespelet Anne Pedersdotter; filmen hadde premiere i 1943 under tittelen Vredens dag. Det har òg vorte komponert to operaer over Wiers-Jenssens Anne Pedersdotter. Den første av dei to var den italienske La fiamma (1934), med libretto av Claudio Guastalla og musikk av Ottorino Respighi, det andre var den norske Anne Pedersdotter, med libretto av Hans Kristiansen og musikk av Edvard Fliflet Bræin. Denne operaen vart uroppført på Den norske operaen i 1971.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Hans Wiers-Jenssen, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.