Ballpresse er ein jordbruksreiskap som vert nytta for å pressa ballar av høy eller halm.
Tidlegare vart det nytta presser som forma firkanta ballar, av ein storleik som høvde for manual handsaming. I dag er rundballpresser mest utbreidd i Noreg. Pressene vert drivne frå kraftuttaket på traktoren.
Ballane har ofte ei breidd på 46 cm, ei høgd på 36 cm, medan lengda kan stillast inn frå 0,3 til 1,3 m (ei lengd på 92 cm er ofte nytta). Dette gjev ballar på 12 til 35 kg, alt etter fuktigheitsgrad på høyet/halmen og kor hardt materialet vert pressa, noko som er ein høveleg størleik for manual handsaming. Slike presser vert kalla hardpresser. Tidlege presser pakka lausare og vert ofte kalla lauspresser.
Pressene har ein pickup i framkant som plukkar opp høyet/halmen frå ein vål på marka og matar det inn i pressa. Pickup-oraganet er ofte utforma som ein sylinder med tinnar som tek tak i høyet/halmen og fører inn under eit grovt gitter, som hindrar at vinden tek tak i materialet. I pressa vert materialet ført inn i ein firkanta tunnel, der det vert banka saman av kraftige tinnar (pakkefingrar) eller eit stempel. Bankeraten ligg rundt 80 slag/min. Mellom kvart slag vert det tilført nytt materiale. Når ballen har nådd rett lengd vert han knytt saman med garn.
Dei ferdige ballane kjem ut i bakkant av maskina og vert lagt på marka, eller ført opp i ein tilhengar via ein ballbane, eller ein ballkastar. Kastelengd og retning kan justerast slik at buntane spreier seg i vogna eller landar i vogna når ein køyrer i ein kurve. Med ballbane og ubemanna vogn kjem alle ballane ned i fremre del av vogna.
Det finst òg maskinar som lagar store firkantballar med ein masse på 150-600 kg. Storballar vert handsama mekanisk og på grunn av an talet på ballar vert mindre fører dette til meir rasjonell handsaming.
Maskinen produserer sylindriske ballar, kalla rundballar, innpakka i nett eller garn, med ein diameter på 120 - 150 cm og ei breidd på 120 cm. I Noreg vert desse fyrst og fremst nytta for å konservera gras og halm som Surfôr. For å sleppe å tilsette syre vert ballane pakka inn i tett plast med strekkfilm straks etter pressinga. Det finst i prinsippet to slags mekanismar som vert brukte. Begge bygg på at materialet vert rulla rundt inne i pressa med hjelp av valsar eller reimar.
På slutten av 1990-talet kom det presser som pakkar ballane i strekkplast, slik at ein slepp å gjera dette i ein separat operasjon. Men dette aukar prisen, og kvaliteten vert kanskje ikkje like god[treng kjelde]. Ballar som vert pakka i plast må ligge på marka til gasstrykket slepp, noko som tek kring to veker.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Ballpresse, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.