Claas KGaA mbH er ein tysk landbruksmaskinprodusent, med hovudkontor i den tyske byen Harsewinkel i Nordrhein-Westfalen.
Claas | |||
| |||
| |||
Bransje | Jordbruksmaskin, landbruk | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1913 | ||
Hovudkontor | Harsewinkel | ||
Land | Tyskland | ||
Produkt | traktor | ||
Nettstad | http://www.claas.com |
Firmaet vart grunnlagt i 1913 av August Claas i Clarholz i Westfalen, og sel i dag produkta sine i om lag 140 land. Claas er fyrst og fremst kjent som produsent av innhaustingsmaskinar: skurtreskjarar, høypresser, slåmaskinar, høyvendarar og sjølvgåande forhaustarar.
Claas er den største produsenten av sjølvgåande forhaustarar i verda og europeisk marknadsleiar innan skurtreskjarar. I 2003 tok Claas over den franske traktorprodusenten Renault Agriculture, og verksemda produserer i dag eit stort utval av landbrukstraktorar.
I 2005 hadde Class 8134 tilsette og ei omsetjing på 2175,3 millionar euro, med ei forteneste (før skatt) på 86,4 millionar euro.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Claas, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.