Guildhall er ein bygning i City of London, like ved Bank og Monument undergrunnsstasjonar.
I over 800 år har Guildhall tent som sete for bystyret i City of London, Corporation of London. Namnet kjem frå geld («penger»), fordi Guildhall var staden som kravde inn skattar og oppbevarte skattepengar.
Bygningen i dag er bygd over hvelva av ein tidlegare guildhall frå mellomalderen, som igjen var bygd på tuftene av eit romersk amfiteater - det største i Britannia. Den eldste delen av Guildhall i dag er steinbygningen frå 1411, som var det einaste som overlevde bybrannen i 1666. Ein omfattande restaurering og ombygging skjedde i 1866 ved arkitekten Horace Jones. Guildhall fekk store skadar under den tyske bombinga av London i desember 1940. I 1954 var bygningen slik den framstår i dag ferdig restaurert, ved arkitekten Giles Gilbert Scott.
I tidlegare tider blei Guildhall også brukt til rettssaker, og mange berømte engelskmenn fekk dommen sin her - blant anna diktaren Henry Howard, Gunpowder-konspiratøren Henry Garnet, samt Lady Jane Grey og ektemannen Lord Guildford Dudley.
På slutten av 1800-talet hadde den nye, folkevalde forsamlinga for Stor-London, London County Council, møta sine i Guildhall. Dette flytta i 1922 til County Hall. Guildhall blir i dag brukt mest i seremonielle samanhengar, etter at Corporation of London flytta kontora sine til moderne bygningar like ved. Den britiske litteraturprisen Booker-prisen blir delt ut i Guildhall. I 1990-åra opna Guildhall Art Gallery, og bygningen husar også Clockmakers' Museum og eit offentleg bibliotek som har spesialisert seg på litteratur og media om London.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Guildhall, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.