Großes Wiesbachhorn er ein 3 564 meter over havet høg fjelltopp i forbundslandet Salzburg i Austerrike, den tredje høgste fjelltoppen i Hohe Tauern. Det frittståande, bredekte fjellet er hovudtoppen på Fuscher/Kapruner-ryggen. Den djupe avgrunnen mot aust og søraust har med sine 2 418 meter den største høgdeskilnaden mellom dal og tind i Aust-Alpane.
Großes Wiesbachhorn | |||
fjell | |||
Großes Wiesbachhorn i 2004 | |||
Land | Austerrike | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Hohe Tauern | ||
Høgd | 3 564 moh. | ||
Primærfaktor | 450 m | ||
Førstestiging | 1700-talet | ||
Koordinatar | 47°9′25″N 12°45′18″E / 47.15694°N 12.75500°E | ||
Großes Wiesbachhorn 47°09′25″N 12°45′18″E / 47.156944444444°N 12.755°E | |||
Wiki Commons: Großes Wiesbachhorn | |||
På slutten av 1700-talet kleiv to bønder ved namn Zanker og Zorner frå landsbyen Fusch til topps på fjellet, som dei aller fyrste menneska.
Fyrstebestiginga av nordvestveggen fann stad den 15. juli 1924 og vart gjort av Franz Riegele og Willo Welzenbach. Dei nytta for fyrste gong isnaglar, noko som seinare vart vidareutvikla til isskruar. Nordvestveggen var ein av dei klassiske isveggane i Aust-Alpane, i dag er isbreen smelta vekk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Großes Wiesbachhorn, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.