Fotgjengar

Fotgangar, fotgjengar eller gåande er ein person som tek seg fram til fots, særleg i trafikken.

Trafikkreglar kan også definera folk som ikkje går til fots som gåande.

Fotgjengar
Paralympiske fotgjengarar på ein fotgjengarovergang i Brasil.

I Noreg rekner ein i tillegg til folk som går folk som går på ski eller rulleski, køyrer rullestol, sparkstøtting eller akar kjelke, leiar sykkel eller moped, trillar barnevogn eller bruker leikekøyretøy som gåande.

Område for fotgjengarar

Fotgjengarar kan ha eigne område å ferdast på meint for dei, som fortau eller gangvegar, og eigne stader å kryssa vegar på, som fotgjengarfelt, gangbruer eller undergangar. Det finst også vegar og stiar som hovudsakleg er meint for gåande, som fotturruter eller gågater. Tradisjonelle stiar og smau kan vera laga mest for fotgjengarar.

Historisk var gonge den vanlegaste måten å ta seg fram på. Utvikling av vogner, syklar og køyretøy med motor har fortrengd fotgjengarar frå delar av gater og plassar, og på nokre vegar, som motorvegar, er det forbode å ferdast som fotgjengar.

Ved nokre særskilde høve kan fotgjengarar ta over område frå annan trafikk, som ved offisielle opptog i samband med høgtider eller demonstrasjonar.

Trafikkreglar knytte til gåande

Etter norske trafikkreglar skal gåande bruka gangveg, fortau, gangbane eller annan farbar del av vegen utanfor køyrebanen. Dersom det ikkje er mogleg å bruka slike vegdelar, kan gåande bruka sykkelveg, sykkelbane eller køyrebanen. Dei skal normalt gå ytst til venstre i gangretningen, men ytst til høgre dersom dei leiar sykkel.

I Noreg har køyrande som kryssar gangveg, fortau eller gangbane vikeplikt for gåande. Ved gangfelt der trafikken ikkje er regulert med trafikklys har køyrande vikeplikt for gåande som er i gangfeltet eller på veg ut i det. I motsetnad til i mange andre land, har gåande i Noreg ein viss rett til å kryssa køyrebanen på raudt lys, men dette må ikke skje dersom det vil vera til hinder for køyrande eller innebera fare.

Dersom fotgjengarar kryssar vegen i strid med trafikkreglane blir det kalla rågjengeri. Nokre område har strenge reglar mot slik oppførsel, og kan straffa han med bøter eller fengsel.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Fotgjengar Område for fotgjengararFotgjengar Trafikkreglar knytte til gåandeFotgjengar GalleriFotgjengar KjelderFotgjengar BakgrunnsstoffFotgjengarTrafikkTrafikkreglar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

KorrespondentFranz LisztPetter SalstenBoge i arkitekturenMaiSeladonOboMegawattVaterbordByar i HellasBloggMP3TallerkenAsbjørnsen og MoeMolde kommuneJonas LieVierslektaOmanbuktaIne Marie WilmannDen norske språkstridenCelsiusHalsnøybåtenStavanger kommuneNihilismeKommunismeHovudsideMaoismeSofie MarhaugRussisk litteraturEyvind JohnsonTenaza PeakNotfiskeMarit BjørgenSystem of a DownCelina MidelfartUrfolkAlexander KiellandVladimir PutinEselPierre-Simon LaplaceMartin Ødegaard27-årsklubbenSpedbarnØSoparSau23. aprilMiddelhavetPliktetikkPer PaustNykøbing MorsVictoria av SverigeNasjonalrettKallifóniKrigTrekanthandelDS «Iris» (1901)Liste over primtalJemenAlf-Inge HålandDigitalFrozenEInflasjonBM-21MauritaniaDet norske alfabetetVerkstadCharlène av MonacoRepublikk🡆 More