Eit fonologisk ord er eit ord definert som ei fonologisk eining, i motsetnad til eit grammatisk ord, som er eit ord definert som ei grammatisk eining.
Ut frå fonologiske kriterium inneheld den søraustlandske setninga ²çenerʉake 'kjenner du ho ikkje?' eitt einaste fonologisk ord, men ikkje mindre enn fire grammatiske ord, her åtskilde med bindestrek: ²çene-rʉ-a-ke. Ei språkleg eining som er eit grammatisk ord men ikkje eit fonologisk ord, er eit klitikon.
Det fonologiske ordet må definerast ut frå særskilde fonologiske tilhøve i det einskilde språket eller målføret. På norsk gjeld mellom anna dette:
Sidan setninga ²çenerʉake [ˈçɛ̂nˑɛ̀ɾʉ̀àcɛ́] berre inneheld éi trykksterk staving (nemleg den fyrste), kan ho ikkje innehalde meir enn eitt fonologisk ord. Korkje rʉ, a eller ke inneheld ei trykksterk staving, og difor kan ingen av dei vere fonologiske ord. Sidan ke [cɛ] tek til med ein ustemd plosiv som er uaspirert, kan ikkje ke vere eit eige fonologisk ord.
Andre språk har andre kriterium som kan nyttast til å definere eit fonologisk ord. Til dømes har finsk mellom anna desse kriteria:
Dei finske setningane nedanfor inneheld fire grammatiske ord, sinä 'du', puhut 'snakkar (2sg)', suomea 'finsk' og ko~kö (spørjepartikkel):
Spørjepartikkelen ko~kö er eit klitikon, med andre ord eit grammatisk ord men ikkje eit fonologisk ord. Han er ikkje eit suffiks, for han kan mellom anna hengjast på ord av (meir eller mindre) alle ordklassar. Han er heller ikkje eit fonologisk ord, for han inneheld inga trykksterk staving. Som eit typisk klitikon utgjer han eit fonologisk ord i lag med ein "vert", og må veksle mellom formene ko og kö etter kva slags vokalar verten har.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fonologisk ord, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.