1.
Fußballclub Magdeburg er ein fotballklubb frå Magdeburg i Tyskland, til 1991 i Aust-Tyskland, som vann Cupvinnarcupen i 1974.
FC Magdeburg vart skipa 22. desember 1965 då fotballavdelinga i SC Magdeburg vart skilt ut som ei eiga eining. Med unnatak for 1966/67-sesongen spelte klubben i DDR-Oberliga, toppdivisjonen i austtysk fotball, i tida frå 1960 til 1991. Klubben vart i den perioden seriemeister tre gongar og cupmeister sju gongar. Størst suksess hadde FC Magdeburg i Cupvinnarcupen 1974 med finalesiger 2-0 over AC Milan. Det var einaste gongen eit austtysk fotballag vann ein av dei store europacupane.
Etter at Aust-Tyskland og Vest-Tyskland vart samla (der Wende) spelte FC Magdeburg i regional amatør-fotball til 2015. Sidan hausten 2015 deltek klubben for fyrste gong i profesjonell fotball, på nivå tre i Bundesliga.
FC Magdeburg si heimebane sidan 2007, MDCC-Arena, har plass til 30 098 tilskodarar. Laget spelar i blå drakter, med kvite, vertikale striper på trøyene.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article FC Magdeburg, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.