Douglas Dc-8

Douglas DC-8 er eit passasjerfly med fire jetmotorar produsert av Douglas Aircraft Company i åra frå 1959 til 1972. I ein periode fram til 1970 var det største passasjerflyet i verda, inntil Boeing 747 kom på marknaden.

Douglas Dc-8
Douglas DC-8
Douglas Dc-8
Douglas DC-8
Douglas Dc-8
Cockpit

Historia til flyet

Bakgrunn

Til trass for gullalderen for flyprodusentene tidleg på 1950-talet og innføring av jetdrevne passasjerfly med de Havilland Comet i 1949, var Douglas forsiktige med å ta stega inn jetalderen. Detta skulle visa seg å kosta dem dyrt i framtidige sal. Douglas val må sjåast i samanheng med at selskapet i 1952 hadde over 300 ordre på det suksessfulle Douglas DC-6 og det nyleg utvikla Douglas DC-7, som begge var propellfly.

I mellomtida melde Douglas seg på anbudskonkurransen om å levera tankfly til det amerikanske luftforsvaret (USAF). Douglas antok at dei kunne vinna sidan anbudskonkurranser av transportfly var vorte delt mellom to ulike selskap. I mai 1954 delte det amerikanske luftforsvaret ut kravspesifikasjonane for 800 tankfly til flyprodusentene Boeing, Douglas, Convair, Fairchild, Lockheed og Martin. Boeing var berre to månader unna å ha ein prototype i lufta. Før året var omme bestilte USAF dei første av totalt 808 Boeing KC-135-tankfly, eit derivat av Boeing 707. Boeing på si side hadde utvikla stanga som drivstoffet vart ført gjennom på sin Boeing KC-97, så systemet var allereie på plass.

Donald Douglas, mannen bak selskapet, protesterte til styesmaktene i i Washington, D.C. og hevda at selskapet var ført bak lyset fordi dei ikkje hadde fått tid til å fullføra prosjekta før Boeing fekk kontrakta. Douglas fekk likevel ikkje medhold. Dette førte til at alle amerikanske tankfly i ein tiårsperiode vart levert av Boeing, noko Douglas fekk merka på økonomien. Til trass for nederlaget vedtok Douglas å halda fram utviklinga av flymodellen.

Utvikling

Ved å konsultera fleire flyselskap kunne Douglas gjera ynskte tilpasninger i designen. Selskapet annonserte at dei var igang med utviklinga av eit jetdrevet passasjerfly med nemninga DC-8 i juni 1955. Detta var eitt år etter den første flyvingen av Boeing modell 36780, den første prototypen av Boeing 707. Prosjektet bestod å utvida flyskroget rundt 38 cm for å få 6 sete i breidda, noko som gjorde det litt breiare enn 707. Dette førte til større vingeflate og eit lengre skrog. Kostnadene forbunde med desse endringane var veldig store, og utviklingsprosjektet var eit av dei dyraste eitt enkelt selskap gjennomførte på denne tida. Det økonomiske vart likevel løyst ved at Donald Douglas skaffa $450 millionar frå eigen lomme. Resultatet vart ein modell i fire ulike versjonar, alle med same lengd og vengespenn, men med ulike variantar av motorar, drivstoffkapasitet og maksimal vekt på mellom 120 og 130 tonn.

I starten var dei store flyselskapa tvilande til å binda seg til dei svært kostbare og tekniske vanskelege jetflya. På den anna side hadde ingen råd til ikkje å kjøpa dem viss konkurrenten gjorde det.

Denne problemstillinga forsvann i oktober 1955, då Pan Am sette både 20 Boeing 707 og 25 Douglas DC-8 i ordre. National Airlines, KLM, Eastern Airlines, Japan Airlines og SAS valde berre DC-8. Det første flyet var ferdig frå den nye fabrikken i Long Beach California og flaug for første gong 30. mai 1958, rett etter at Boeing 707 hadde gått inn i regulær teneste hos Pan Am. Heile testprogrammet involverte ni fly og førte fram til sertifisering av flytypen den 31. august 1959.

DC-8 gjekk inn i teneste hos United Airlines og Delta Air len den 18. september 1959, eitt år etter Boeing 707. Uheldigvis for Douglas gjorde dette eine året Boeing til den leiande aktøren i marknaden, ein posisjon som først vart verkeleg truga då Airbus kom på banen i 1974 . Forspranget Boeing hadde etablert, førte til at det salet av DC-8 innleiingsvis gjekk relativt treigt. På byrjinga av 1958 hadde Douglas selt 133 DC-8 mot Boeings 150 707, noko som var gode tal tilhøva teke i betraktning. Totalt nådde Boeing eit sal på omtrent dobbelt så mange 707 som Douglas av DC-8 før produksjonen av begge desse modellane opphøyrde.

Douglas Dc-8 
Eit Douglas DC-8-60F fraktfly frå MK Airlines.
Douglas Dc-8 
Eit Douglas DC-8-72, opererer som flygande laboratorium for NASA.

Norskregistrerte DC-8

SAS hadde i perioden frå 1968 til 1989 28 fly av typen DC-8 i sin flåte. Av desse var 3 innført i Norges luftfartøyregister

  • LN-MOULeif Viking
  • LN-MOYEirik Viking
  • LN-MOFBua Viking

Trivielt

  • Det første passasjerflyet som braut lydmuren var eit DC-8-43 under stuptesting ved Edwards Air Force Base 21. august 1961. Flyet vart seinare levert til Canadian Pacific Air Line si med registreringskoden CF-CPG.
  • Ein flyekspert skal eingong ha kommentert til forumet Jane's Civil Aircraft «at arkeologar enno ville finna eit DC-8 i det 25-århundre som enno flyr last over Sør-Amerika».
  • Det gjekk eit rykte om at den første serien av det japanske snøggtoget Shinkansen var forma etter eit DC-8.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Douglas Dc-8 Historia til flyetDouglas Dc-8 Norskregistrerte DC-8Douglas Dc-8 TrivieltDouglas Dc-8 KjelderDouglas Dc-8 BakgrunnsstoffDouglas Dc-8

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Programmeringsspråket JavaVladimir PutinKallesignalSoltidEarl ScruggsHarald EiaTonsillRhinenEiffeltårnetDanmarkHans Majestet Kongens GardeSjakkAudrey HorneKirkenærMidsommarHar SedomDen muslimske verdaHarriet BackerJerpeMeteoraOboIne Marie WilmannIsAthamánesTermisk diffusivitetIolkósJesusISBNSjølvstendeTutrakanBrusselSikhismenDet franske koloniriketCoca-ColaPOSIXVestlandetSovjetunionenLufttrykkJon FosseGuvernement i OmanIvar AasenLangnebbparakittMetéora i TríkalaSør-PílioSamvirkelagVik kommuneKristiansund BallklubbNederlandUTCVesle GaldhøpiggenKleopatraTidvatnMetéoraEngelskSpekkhoggarAegisTidslinje over norsk historieSilje NordnesKommunismeUbehaget i kulturenAsbjørnsen og MoeVerdas landAlmyrósRakiaEmma EllingsenAndre pinsedag2019FrozenMarikkenInflasjonSoparMiljøproblemRussells paradoks1. divisjon fotball for menn🡆 More