Doctor juris, forkorta dr.
juris eller dr.jur., er det tradisjonsrike namnet på ei juridisk doktorgrad, og i nyare tid særleg brukt på den juridiske forskingsdoktorgrada i Danmark og Noreg. Grada er ei av dei tre tradisjonelle doktorgradene i dei klassiske universitetsdisiplinane med røter frå universiteta i mellomalderen.
Grada blei oppretta ved grunnlegginga av Københavns Universitet i 1479. I Noreg blei grada etter oppløysinga av den dansk-norske unionen formelt etablert med universitetsfundasen av 1824. Grada blei første gong tildelt ved Det Kongelige Frederiks Universitet i 1876. Totalt blei det tildelt 113 dr. juris-grader ved universitetet fram til 1999. Som følgje av «Kvalitetsreforma» blei grada fasa ut i Noreg fram til 2008, og erstatta av philosophiae doctor-grada (ph.d.).
Den dansk-norske grada er direkte samanliknbar med den svenske grada juris doktor. Grada Doctor Juris finst dessutan i Tyskland, men krava er der noko lågare. I Storbritannia og USA finst grada Juris Doctor (JD) som tilsvarerar ei kandidatutdanning.
I Danmark blir grada gjerne omtalt som ei høgare doktorgrad, for å skilje den frå «den lågare doktorgrad» (ph.d.).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Doctor juris, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.