Den indoaustralske plata er ei stor jordskorpeplate som omfattar kontinentet Australia og det omliggande havet, og strekkjer seg nordvest til det omfattar det indiske subkontinentet og farvatnet kring.
Det vart forma då dei indiske og australske platene smelta saman for 43 millionar år sidan. Nyar studiar og seismiske hendingar som jordskjelvet i Indiahavet 2012, indikerer at den indoaustralske plata kan vere i ferd med å bryte opp i to separate plater på grunn av stresset som er skapt av kollisjonen mellom den indoaustralske plata og den eurasiatiske plata langs Himalaya. Den austlege delen (Australia) flyttar seg nordover med ein fart på 5,6 cm per år, medan den vestlege delen (India), berre flyttar seg nordover 3,7 cm per år på grunn av hindringa som Himalaya skapar. Denne skilnaden i rørsler fører til at plata vert pressa saman nær sentrum, ved Sumatra og ei potensiell deling av den indiske og den australske plata. Dei to protoplatene eller subplatene vert generalt kalla Den indiske plata og Den australske plata.
Ei tredje, Capricornplata, kan òg verte skild ut på vestsida av den indiske plata.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Den indoaustralske plata, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.