Timor

Timor er ei øy nord for Timorhavet, som er delt mellom statane Indonesia og Aust-Timor.

Vest-Timor høyrer inn under den indonesiske provinsen Aust-Nusa Tenggara. Øya har ei flatevidd på 30 777 km². Namnet er ein variant av timur, eit malaisk ord for aust. Ho vert så kalla då ho ligg på austenden av ei lang øyrekkje.

Timor
Politisk kart over øya Timor
Timor
Timors geografiske plassering i Indonesia

Vest-Timor var i kolonitida kjent som nederlandsk Timor frå 1800-talet fram til staten Indonesia vart danna i 1949. Aust-Timor var kjent som portugisisk Timor frå 1596 fram til 1975. Indonesia annekterte Aust-Timor i 1976, ein anneksjon som aldri vart godkjend av FN. Etter ei folkerøysting vart Aust-Timor sjølvstendig i 2002.

Etnisitet, språk og religion

Timor 
Språkkart over Timor

Timoresarane er, til liks med folk frå dei omkringliggjande øyane, melanesiar. Antropologar har identifisert elleve ulike etnolingvistiske grupper på Timor. Dei største er atoni vest på Timor, og tetum i det sentrale og austlege Timor.

Dei fleste opphavlege språka som vert tala på Timor høyrer til den austronesiske språkgruppa som vert nytta i heile den indonesiske øygruppa. Tetum og portugisisk er dei offisielle språka på Aust-Timor, medan det er indonesisk som har tilsvarande status på Vest-Timor. Indonesisk vert i stor grad tala og forstått på Aust-Timor òg.

Kristendom er den dominerande religionen på øya Timor, omkring 90% av folket er kristne. Katolikkar er i fleirtal i båe halvdelane av øya, i Vest-Timor er forholdstalet mellom katolikkar og protestantar om lag 3:2. Muslimar og animistar utgjer kvar om kring 5% av den totale folkesetnaden.

Geografi

Timor 
Landskap ved Maubisse på Aust-Timor

Timor ligg nord for Australia, og er av dei austlegaste Sundaøyane. Saman med Sumba, Babar og tilstøytande småøyar utgjer Timor den sørlege og ytre øygruppa av dei mindre Sundaøyane, dei hine og innanforliggjande øyane er Flores, Alor og Wetar i nord, og Sulawesi attom desse.

Timor har ein eldre berggrunn enn dei nordlege, mindre Sundaøyane, og manglar vulkansk geologi. Øya si utstrekning aust-vest skil seg òg ut frå granneøyane. Desse faktaa har vorte forklart som eit utslag av at Timor ligg på ytterkanten av den indoaustralske tektoniske plata i nord, nett der ho møter den eurasiske plata og støyter inn i Søraust-Asia.

Klimaet er prega av ei lang, turr årstid då heite vindar frå Australia blæs over øya.

Dei største byane på øya er provinshovudstaden Kupang på Vest-Timor og dei tidlegare portugisiske kolonibyane Dili og Baucau på Aust-Timor. Dålege vegar er til hinder for transport til innlandsområda, særleg på Aust-Timor. Aust-Timor er ein gjeldstyngd stat, og har helseplager som malaria og denguefeber. Inntektene kjem mellom anna frå olje- og gassutvinning i Timorsjøen, kaffidyrking og aukande turisme.

Flora og fauna

Timor og øyane på kysten av henne, slike som Atauro, Jaco og Wetar og andre Barat Daya-øyar i nordaust, utgjer økoregionen Timor og Wetar lauvfellande skogar. Den naturlege vegetasjonen var av tropical dry broadleaf forests med ein underskog av buskar, kratt og gras som gav næring til eit rikt dyre- og fugleliv. Størstedelen av urskogane er rydda vekk til fordel for kveghald, særleg ved Timor-kysten og på ei øy som Atauro. Sett bort frå eitt stort område midt inne på Timor finst berre flekker att. Skogryddinga held elles fram. Denne økoregionen er del av Wallacea og har ei blanding av plantar og dyr med opphav i både Asia og Australasia.

Mange tre fell alt lauvet, eller delar av det. Dei fell lauvet i den turre årstida. Også eviggrøne tre og tornbuskar og –tre finst i skogsområda. Mellom tresortar typiske for låglandskråningane er ein tropisk kastanje Sterculia foetida, og ei indisk valnøtt (Aleurites moluccana).

Under pleistocen var Timor opphaldsstad for den utdøydde gigantvaranen, skyld med komodovaranen. Saman med Flores, Sumba og Sulawesi var Timor ein gong i tida habitat (leveområde) for den utdøydde dvergstegodonen, ein slektning av elefantane.

Faunaen består av ein del stadeigne (endemiske) artar, mellom dei den utprega timor-pytonen, timorspissmus (Crocidura tenuis) og timorrotte (Rattus timorensis). Ved sidan av asiatiske artar er Timor heimstad til det australasiatiske pungdyret Northern Common Cuscus. Mange fugleartar held til på Timor og dei nærliggjande øyane. Dei fleste av desse har asiatisk opphav, men òg nokre av australasiatisk opphav. Totalt finst kring 250 artar, 24 av desse er endemiske. Fem av desse stadeigne artane står i fare for å døy ut: sotdue, wetarjorddue, timorgrøndue, timorkeisardue og irislori.

Historie

Eldste historiske notatet om Timor skriv seg frå 1300-talet, kalla Nagarakretagama. Dette omtalar Timur som ei øy underlagd Majapahit-riket. Timor var på 1300-talet del av antikke javanesiske, kinesiske og indiske handelsruter som eksportør av aromatiske sandaltre, slavar, honning og voks. Midt på 1600-talet slo både nederlendarar og portugisarar seg ned på øya.

Øya har politisk vore delt i to i fleire hundreår. Nederlendarar og portugisarar kjempa om kontrollen over øya til ho vart delt gjennom Lisboa-traktaten i 1859. Grensespørsmålet vart likevel ikkje formelt løyst før i 1912.

Japanske styrkar okkuperte heile øya frå 1942 til 1945. Australske, og seinare lokale styrkar førte geriljakrig mot japanarane.

Vest-Timor var kjent som Nederlandsk Timor til 1949, då det vart Indonesisk Timor og ein del av staten Indonesia som vart danna av kolonien Nederlandsk Aust-India. Aust-Timor var kjent som Portugisisk Timor, ein koloni under Portugal til 1975. Denne omfattar òg enklaven Oecussi-Ambeno på Vest-Timor.

Etter statskuppet i Portugal i 1974 byrja Portugal å trekkje seg ut av Aust-Timor. Indonesia, som var mot eit sjølvstendig Aust-Timor, invaderte Aust-Timor og la det under seg. Indonesia kalla det annekterte området for Timor Timur og rekna det for landet sin 27. provins. Korkje SN eller Portugal godkjende anneksjonen.

Frigjeringsstyrken Falintil førte i åra etter ein vedvarande gerijlakrig, utan reelt å kunne truge kontrollen Indonesia hadde over heile øya. I 1999 vart det i Aust-Timor halde ei folkerøysting overvaka av SN. Fleirtalet sa då nei til ein avtale om delvis sjølvstende under staten Indonesia. FN styrte deretter Aust-Timor til 2002, då landet vart erklært for sjølvstendig under namnet Timor-Leste.

Kjelder

Tags:

Timor Etnisitet, språk og religionTimor GeografiTimor Flora og faunaTimor HistorieTimor KjelderTimorAust-Nusa TenggaraAust-TimorIndonesiaTimorhavetØy

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

UTCEkstremvêret KristinGud signe maten på vårt bordKvartalSigmaIndiaScrabbleBjørnstjerne BjørnsonTotaktsmotorTwitterKlitorisSim sala bimBerlinblokadenErik AndersenGuden RaRudolf BlodstrupmoenStorsnøstjerneBermudaJordaElectrolux AssistentParlamentarismeTeknologiLibanonPolygamiKvalsafariHDet italienske flaggetNasjonalplantarLuganoJoseph HaydnHundTutankhamonTorinoNorske kommuneslagordRanværingPico da NeblinaDesta Marie BeederGisøyaPannemerke i hinduismenBenito MussoliniStrilamålBlue MoonVladimir PutinDurraAmfípoliRagnhild HagaCristiano RonaldoKrapina-ZagorjeNorske fylkeskommuneslagord1989PolenLundefuglKristopher SchauKate BushISO 8601InformasjonsteknologiNoregPeer Gynt-prisenBorkBilbaoPanterPilfinkRegnskogen i AmazonasFinnøyFacebookStupaSirkelVassøyna i GulenArs Moriendi, eller De syv dødsmåterMarius UrzicăVulkanar i ItaliaRumpeldunkDzjankojPožega-SlavoniaJamstellingsvedtaketIslandRosenborg BallklubMartin Ødegaard🡆 More