Deluxe Ski Jump

Deluxe Ski Jump er ein serie videospel med simulering av skihopping, gitt ut av det finske selskapet Mediamond, utvikla av Jussi Koskela.

Deluxe Ski Jump
Deluxe Ski Jump
SjangerSkihoppsimulator
Utviklar(ar)Mediamond, Jussi Koskela
Fyrste spelDeluxe Ski Jump, 1999
Siste spelDeluxe Ski Jump 4, 2011
Nettstadhttps://www.mediamond.fi/

Serien består av fire spel for DOS og seinare Windows, publiserte mellom 1999 og 2011, og blir framleis oppdaterte.

Spela går i hovudsak ut på å hoppe lengst, få høgast stilpoeng, og setje lengderekordar i konkurranse med opptil 16 medsspelarar rundt same maskin, eller fiktive datasimulerte konkurrentar med ulike dugleiksnivå. Spelaren kontrollerar hopparen sin sats, flytestilling og nedslag. Bakkane varierar frå små 50-metersbakkar til store skiflygingsbakkar med enkelt simulert vær- og vindforhold som pregar hoppets kvalitet.

Dei første to spela er 2D-grafikk, det tredje og fjerde spela utvida til tre dimensjonar og meir realistiske forhold.

Spelserien var svært populær på byrjinga av 2000-talet med utbreiinga av personlege datamaskiner i private heimar og i skulevesenet. I dag er det spesielt stort i Tsjekkia og Polen, spelarar derfrå innehar flesteparten av rekordane i dei nyaste versjonane av spela.

Deluxe Ski Jump

Utgitt i 1999 for DOS. Jussi Koskela laga spelet fordi han sakna spelet Winter Games på Commodore 64. Spelet fekk etter kvart 16 bakkar, ei utviding frå dei opphavlege åtte. Saman med det andre spelet i serien blei det eit populært shareware-spel, og piratkopiar blei sendt rundt på e-post og diskettar på tidleg 2000-tal, hjulpe fram av låge maskinkrav og små filstørrelser.

Deluxe Ski Jump 2

Utgitt i 2000 for DOS, og var i hovudsak ei oppgradering av det første spelet, no med 32 fiktive bakkar, både frå store hoppnasjonar og meir usannsynlege stader, som 250-metersbakken i Australia. Det var etter denne utgivinga at utviklar Jussi Koskela oppretta selskapet Mediamond, som framleis er den aktiv utviklaren av spelserien. I 2005 uttalte King Midas-trommis Tomas «Louie» Peterson at dette var hans favorittspel. I 2020 vart det tilgjengeleg for Android-einingar, og i 2022 for IOS-einingar.

Deluxe Ski Jump 3

Utgitt i 2004, for Microsoft Windows. Det tredje spelet i serien utvida spelet til tre dimensjonar, og har etter kvart fått 40 bakkar. Spelet tilførte også funksjonar for speling og utveksling av rekordar over nett.

Deluxe Ski Jump 4

Utgitt i 2011, for Microsoft Windows. Frå dette spelet tok serien i større grad utgangspunkt i ekte skibakkar, med no 24 bakkar med reelle motstykker i den verkelege verda, til dømes Lysgårdsbakkane i Lillehammer. Etter ei oppdatering der spelarar kan legge til eigne bakkar er det no over 1000 bakkar tilgjengelege på nettet. I etterkant av denne utgivinga var spelserien også populært som tidsfordriv blant unge norske skihopparar. Spelet får framleis tilført nytt innhald, seinast med ny versjon i februar 2023.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Deluxe Ski Jump Deluxe Ski Jump 2Deluxe Ski Jump 3Deluxe Ski Jump 4Deluxe Ski Jump KjelderDeluxe Ski Jump BakgrunnsstoffDeluxe Ski JumpSkihopping

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Peter Wessel TordenskjoldGuangzhouAnne-Sophie MutterJonsokAnne-Karine StrømQuestions 67 and 68DorsetOslo kommuneGentooHina Rabbani KharWings at the Speed of SoundPanamakanalen2024WarszawaKarplantarsouteKanye WestAnother One Bites the DustOrPåskehareJohn IllsleyDavid CameronFotball-VM 1982PortalUngarnVierfamilienFlash Gordon av QueenLydia Torsvik GieselmannNordahl Grieg videregående skoleURLAmazonaselvaHarry PotterSkandinaviaLudwig van BeethovenEva PeronHelgolandBudapestVM i fotball 2014Grunnstoffliste etter namnSionismeJavaIndiaLagerthaDen internasjonale kvinnedagenJordskjelv i 2020LuminansDaniel KvammenFin GnattVest-TysklandElvis PresleyPuffa risLill LindforsNasjonaldyrPermtidaSigvart DagslandPotetPulitzerprisenKari SvendsenThe HolliesLavTrikktrakkElgantilopeDoggerbankJannitsáRubjerg Knude FyrAsiaAndre verdskrigenISBNSagaen om IsfolketHeilage onsdagStorbritanniaPetter Dass-monumentetPink Floyd The WallNéa Zíkhni🡆 More